KVEN VAR NYGJORDSVETLEN?
I år er det 100 år sidan samlinga Hamar i hellom av Olav Aukrust kom ut. Eitt av dikta i denne samlinga er det kjente Aksión på Tande. Ei av strofene i diktet lyder slik:
«Det vart eit namngjete, djevla ståk der,
va’ svartøygd tater frå nørdst i Skjåk der, –
og Randa-Knut’n
og Sanda-guten
og ‘n Nils Johansen innfann seg der,
og Nyjordsvetlen og ‘n Petter Per».
Kven var alle desse personane? Under Diktardagar får vi i alle fall vite meir om Nyjordsvetlen. Da vil forfattar Olav Norheim lansere bok om denne personen. Det skjer i Hågåhuset på Aukrust Gard og Urteri onsdag 2. september kl. 19.
I tillegg til foredrag og lansering blir det diktopplesing og musikk.
HIMMELVARDEN
Diktsyklusen Himmelvarden frå 1916 var det litterære gjennombrotet til Olav Aukrust. Samlinga inneheld både syklusar og enkeltdikt. Under Diktardagar 2026 får publikum ei framsyning i ord og tonar bygd på Himmelvarden, med eit utval av dikta.
Tidspunktet er laurdag 5. september i Utgard, Lom. Medverkande er Vegar Vårdal på fele, Bjørn Kåre Odde på fele, Iselin Aukrust med fele og song og Even Lusæter les dikta.
Framsyninga har vore sett opp tidlegare. Også da var det tingingsverk til Diktardagar. Dei som stod bak oppsettinga da, var Vegar Vårdal, Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter. Det blir gjort nokre forandringar frå den gongen, mellom anna blir det brukt meir lokal musikk.
Slik presenterer gruppa sjølve diktverket: Himmelvarden er bygd opp i bolkar. I den første bolken, «Elingar», skildrar Aukrust ein ungdom sitt møte med naturen, først lamslegen, før han finn si oppgåve: å frigjere sine indre krefter. I den andre bolken, «Adam og Eva», møter han kjærleiken. Den bolken tonar ut i eit av dei mest kjende dikta frå samlinga, «Ei naki grein». I tredje bolken, «Eldingsnetter», dukkar han djupare ned i kjærleiksmotivet. Gjennom den kvinnelege kjærleiken og Guds nåde finn han ein veg ut av livsangsten og opp frå avgrunnen. I den siste bolken, «Himmelvarden», kjempar han seg vidare opp, til han som i ekstase ser samanhengen i livet.
Både enkeltdikt og diktsyklusar kan ofte vera ei gullgruve for komponistar og visekunstnarar som tolkar dikta gjennom si tonesetjiing. Når ikkje så mange av dikta i Himmelvarden har vore tonesett i ettertid, kan vel noko av forklaringa liggje i at stoffet ikkje er så enkelt å trengje inn i. Sjølv om Aukrust sitt språk er både fargerikt og konkret, slik at du ser landskapet, bygda og naturen for ditt indre auge, er kontrastane og djupnene i biletbruken krevjande for folk flest. Men når det er sagt, er det nok mange godt vaksne i Gudbrandsdalen som kan nynne «Ola Jonson» eller deklamere «Sota».
DET ER DEN DRAUMEN…
Draumar er tema for litteraturseminaret under Diktardagar 2026.
Litteraturvitar Jan Inge Sørbø tar for seg litteraturen og draumen. Tittelen på foredraget hans er Draumar som kraftkjelde, i litteraturen og livet. Filosof Lars Fr. H. Svendsen skal snakke om Håpets filosofi, det er også tittelen på ei av bøkene hans. Journalist og forfattar Maria Lavik gav i 2024 ut boka Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. På seminaret fortel ho om kva som var hennar draum heller enn å overta gard.
Ingrid Blessom, Åsne Sørlie-Nordnes og Nina Ophaug (alle tre busette i Vågå) skal snakke om det å følgje draumen, og kva draumen har hatt i seia for livet deira. Ingrid restaurerer eit gammalt hus, Åsne går på teaterhøgskulen, og Nina vart ufør etter ein skade og starta på ny utdanning og opna yogastudio.
Under seminaret blir det musikkinnslag ved Alf Hulbækmo, musikar frå Østerdalen.
Litteraturseminaret er i år på Ullinsvin i Vågå laurdag 5. september kl. 10. Det blir servert lunsj, og det er høve til å kjøpe billettar til heile eller delar av seminaret, med eller utan matservering.
Billettar finn du på heimesida www.diktardagar.no.
OPNING AV DIKTARDAGAR 2026
Velkomne til opninga av Diktardagar 2026. Temaet i år er draumar. Håp og draumar er det som gjev oss mot og kraft til å ta tak i dei utfordringane som livet gjev oss. Draumen vil også stå sentralt under opninga i Marlo grendehus 4. september kl. 18.
Kva drøymde våre lokale forfattarar om? Det vil Endre Skjåk og Jotunheimen Underholdning finne ut av. På programmet denne kvelden får vi ein presentasjon av kabareten «Diktardraumar». Ei som dei siste par åra har arbeidd hardt for ein stor draum, er Hanna Gjeilo Skjåkødegård. Draumen vart oppfylt, ei hending som har inspirert og gjeve sjølvtillit i bygdene våre. Hanna skal halde årets tale under opninga.
I tillegg får vi musikkinnslag ved Camilla Granlien og Alf Hulbækmo. Camilla Granlien er norsk kvedar og folkesongar, som mellom anna framfører tonesette dikt av Tor Jonsson. Alf Hulbækmo er musikar frå Østerdalen med utdanning i jazzpiano, arrangering og komponering. Lokale aktørar frå kulturskulen er også med. Og så er det utdeling av årets Diktardagarpris. Billettar får du på heimesida www.diktardagar.no
Diktardagar 2026
Ein litteraturfestival i Lom, Skjåk og Vågå 2.-6. september
Diktardagar blir arrangert kvart år første helga i september. Vi har kvart år nye og aktuelle tema. Det er fire diktarlag i Lom og Skjåk og to mållag i Lom, Skjåk og Vågå som er med i organisasjonen. I 2026 blir festivalen arrangert 2.-6. september.
Tema i 2026 er Draumar
Vi lever i ei tid som på mange måtar minner oss på krig og kriser, og ein del misser trua på at livet og verda går framover. Da er det viktig å halde liv i draumane, håpet og trua på at det er opp til oss å skapa framtida. Under Diktardagar spør vi kva framtidsdraumar dei unge har. Forfattarar og andre aktørar vil fortelja om sine draumar og vegval.
Litteraturseminar med foredrag, samtaler og musikk
Festivalen har i år som tidlegare eit litteraturseminar knytt til hovudtemaet, med foredrag og samtaler. Det blir mellom anna foredrag om håpets filosofi, om draumar som kraftkjelde i litteraturen og livet, om visjonslitteraturen og samtale med yngre lokale kvinner som har følgt draumen.
Årleg arrangerer vi eige seminar for ungdom, der vi inviterer ungdomsskulane og den vidaregåande skulan i Nord-dalen. Dette arrangementet har dei siste åra også vore strømma, så dei som ikkje kan vera til stades, kan følgje med. Eit aktuelt tema også her er draumar, håp og meistring. Her blir det samtale med ein elev som har gått gjennom kreftsjukdom. I tillegg skal elevar bokbade ein aktuell forfattar.
Forfattarbesøk til skulane i Vågå, Lom og Skjåk
Dei siste åra har alle 6. klassingane fått besøk av forfattar, og det har vore vellykka. Derfor legg vi opp til det same i år. Og sidan det for tida er mykje fokus på leseevne og leseglede hos barn og ungdom, utvidar vi nå tilbodet, slik at også 8. klassingane i dei tre kommunane får forfattarbesøk. Vi legg elles vekt på å ha med barn og unge i programmet, og arbeider for å få til ein skrivekonkurranse. I år får 6. klassingane besøk av forfattar Sunniva Relling Berg. 8. klassingane får besøk av Bobbie Peers.
Variert program
Det er Solrenning som har hovudansvaret for programmet i år, og Olav Aukrust vil få ein tydeleg plass. Mellom anna har vi tinga framsyninga «Himmelvarden», basert på diktverket til Aukrust, med lokale profesjonelle musikarar og formidlarar. Til opninga av festivalen har vi tinga ei framsyning frå Jotunheimen Underholdning, «Diktardraumar», jf temaet.
Vi får mange av dei faste postane elles, som bokbad, Tor Jonsson-foredrag, program på sjukeheimane.
Søndag kan publikum vera med på det vi kallar Steinkastvandring i Lia i Lom. Dette er eit alternativ til dei tidlegare utfluktene med buss. Berre steinkast frå kvarandre bur utøvande kunstnarar, og det er kunstarheimar og eit planlagt galleri med måleri av Gustav Wentzel.
I 2026 utvidar vi festivalen med ein dag, vi utvidar skuletilbodet og har eit par nye arrangement, konsert i ein dom på Soleggen og midnattsmesse med konsert i stavkyrkja i Lom. På den måten utviklar vi festivalen vidare.
Under «Program og billettar» og «Aktørane» på menyen kan du finne meir om programpostane og om forfattarane, musikarar og andre aktørar som deltar på festivalen.
Beklager, vi fant ingen innlegg. Vennligst prøv et annet søk.




