Årets aktørar

Alf Hulbækmo. Foto: Morten Gravdal.

Alf Hulbækmo

Alf Hulbækmo er musikar med utdanning i jazzpiano, arrangering og komponering og kyrkjemusikk fra konsen i Trondheim. Han har mellom anna komponert verket "Skumringsbarda" for Trondheim Jazzorkester. Det vart urframført i Molde Domkirke sommaren 2021. På Diktardagar deltek han under opninga fredag, under middagen fredag kveld og på seminaret laurdag.
Les meir om Alf Hulbækmo
Åsne Sørlie-Nordnes. Foto: Ferdinand Schwarz

Åsne Sørlie-Nordnes

Åsne Sørlie-Nordnes frå Vågå studerer på Teaterhøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo. Under Diktardagar vil Åsne delta på litteraturseminaret laurdag. Saman med Ingrid Blessom og Nina Ophaug skal ho snakke om det å følgje draumen.
Les meir om Åsne Sørlie-Nordnes
Astrid Garmo. Foto Leikny Havik Skjærseth.

Astrid Garmo

Astrid Garmo er frå Garmo i Gudbrandsdalen. I dag jobbar Astrid frilans som felespelar, gitarist og bassist i band på tvers av sjangrar. Ho er å høyre i prosjekt som Pumpegris, scoreboard, Future Nostalgia og Ester & Astrid. I 2024 gav Astrid ut den første soloskiva si, Sjugurd. Under Diktardagar opptrer Astrid saman med Jonathan Lengali i Domen på Soleggen.
Les meir om Astrid Garmo
Bjarne Tormodsgard. Foto: Hallingdølen.

Bjarne Tormodsgard

Bjarne Tormodsgard har arbeidd som journalist og redaktør i fleire norske aviser. Han var redaktør av Hallingdølen i 18 år. Under Diktardagar skal Tormodsgard saman med Camilla Granlien stå for Tor Jonsson-programmet ved Stusslegstugu laurdag 5. september kl.16.
Les meir om Bjarne Tormodsgard
Bjørn Kåre Odde. Foto: Stine Østby

Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre Odde (fødd 1990) er felespelar, folkemusikar og komponist frå Lom. Han har fått fleire prisar og har brei erfaring som komponist. I 2014 hadde han rolla som spelemannen i musikalen «Spelemann på taket» ved Det Norske Teatret. Under Diktardagar er han med på framsyninga Himmelvarden.
Les meir om Bjørn Kåre Odde
Forfattar Bobbie Peers. Foto: Michelle Peers

Bobbie Peers

Bobbie Peers skal vitje 8.klassingane i Skjåk, Lom og Vågå under Diktardagane 2026. Han er mest kjend for barnebokseriane om Oppdagerklubben og William Wenton, men har og skrive bøker for vaksne og hevda seg som vitseteiknar. 
Les meir om Bobbie Peers
Camilla Granlien. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Camilla Granlien

Camilla Granlien er ein norsk kvedar og folkesongar. Ho er særleg kjent som formidlar av tradisjonsmateriale frå Gudbrandsdalen. Under Diktardagar skal Camilla saman med Bjarne Tormodsgard stå for Tor Jonsson-programmet ved Stusslegstugu laurdag 5. september kl.16.
Les meir om Camilla Granlien
Endre Skjåk. Foto: Merete Byrøygard

Endre Skjåk

Endre Skjåk står bak gruppa Jotunheimen Underholdning. Han har erfaring frå mellom anna Kristinspelet på Sel og Teater Innlandet. På Diktardagar deltek han med prosjektet «Diktardraumar» saman med andre frå Jotunheimen Underholdning. Han skal også leia Steinkastvandringa søndag.
Les meir om Endre Skjåk
Erling Andre Westgaard Flote. Foto: Pål Hodne, Samlaget

Erling Andre Westgaard Flote

Forfattar og lektor Erling Andre Westgaard Flote debuterte med ungdomsromanen «Utveg» i 2024. Boka vart nominert til Kulturdepartementets barne- og ungdomsbokpris, og NBUs debutantpris Trollkrittet. På Diktardagar deltek Erling på bokbadet på seminaret for ungdom fredag.
Les meir om Erling Andre Westgaard Flote
Even Lusæter. Privat foto.

Even Lusæter

Even Lusæter er journalist, musikar og formidlar. I 2023 vart han kåra til Årets gudbrandsdøl saman med Hans Andreas Solbakken for NRK-programmet «Sykkelsommer». Under Diktardagar er han med på framsyninga «Himmelvarden».
Les meir om Even Lusæter
Gaute Heivoll. Foto: Monica Holand Bøe

Gaute Heivoll

Gaute Heivoll har gjeve ut fleire titals bøker for barn, ungdommar og vaksne. Han har fått ei rekkje prisar, og er aktuell med ny bok i haust. Under Diktardagar skal Gaute besøkje bibliotek og delta på bokbadet laurdag kveld.
Les meir om Gaute Heivoll
Ingrid Blessom. Foto: Marteline Nystad

Ingrid Blessom

Ingrid Blessom frå Vågå er psykolog. Saman med familien restaurerer ho eit freda hus frå 1700-talet. Prosjektet er følgt i TV-serien Nytt liv i gamle hus. På Diktardagar vil Ingrid snakke om kva det vil seie å følgje ein draum som handlar om noko større enn ein sjølv - å setje i stand for æva.
Les meir om Ingrid Blessom