Årets aktørar

Iselin A. Aukrust. Foto: Isa Holmgren.

Iselin A. Aukrust

Iselin A. Aukrust kjem frå Lom og studerer til dagleg tradisjonsmusikk ved Ole Bull akademiet på Voss. Der har ho fele og vokal som hovudinstrument. Under Diktardagar skal Iselin bidra på forestillinga Himmelvarden.
Les meir om Iselin A. Aukrust
Jan Inge Sørbø. Privat foto.

Jan Inge Sørbø

Jan Inge Sørbø er forfattar og journalist. Han har mellom anna skrive biografien om Olav Aukrust, Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Under Diktardagar deltar han på seminaret laurdag med foredraget «Draumar som kraftkjelde i litteraturen og livet»
Les meir om Jan Inge Sørbø
Jonathan August Lengali. Foto: Io Sivertsen.

Jonathan August Lengali

Jonathan August Lengali er ein moderne norsk poet. Han debuterte i 2018 med diktsamlinga "jonathan og sailor j." på Forlaget Oktober. Lengali tematiserer ofte identitet og tilhøyrsle og kombinerer eit drøymande uttrykk med eit skarpt poetisk blikk. Under Diktardagar opptrer Jonathan saman med Astrid Garmo i Domen på Soleggen.
Les meir om Jonathan August Lengali
Jotunheimen Underholdning.Foto: Jotunheimen Underholdning.

Jotunheimen Underholdning

Jotunheimen Underholdning er ein møteplass for utøvande kunstnarar frå regionen. I 2007 laga dei kabareten Diktarplager, der dei gjennom humor og alvor presenterte fleire diktarar frå Ottadalen. I 2026 skal dei presentere ei ny framsyning, Diktardraumar, inspirert av årets tema, på opninga fredag den 4. september.
Les meir om Jotunheimen Underholdning
Lars Fredrik Händler Svendsen. Foto: CF- Wesenberg / kolonihaven.no

Lars Fredrik Händler Svendsen

Lars Fredrik Händler Svendsen er professor i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar ved Universitetet i Bergen. Under Diktardagar deltek han på seminaret laurdag 5. september med foredraget «Håpets filosofi».
Les meir om Lars Fredrik Händler Svendsen
Mari Midtli og Frikk Gjeilo. Foto: Lars Evensen.

Mari Midtli og Frikk Gjeilo

Mari Midtli og Frikk Gjeilo er båe musikarar og vokalistar busette i Lia i Lom. Mari har vunne fleire prisar og vore nominert til Spellemannsprisen saman med Aslak Brimi. Frikk har gjeve ut fleire eigne plater, og skriv tekstene sine på lomsmål. Under Diktardagar er Mari med på programmet under utflukta i Lia søndag.
Les meir om Mari Midtli og Frikk Gjeilo
Maria Lavik. Foto: Tove K. Breistein, Samlaget.

Maria Lavik

Maria Lavik gav i 2024 ut boka «Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar». Under Diktardagar vil Maria halde foredrag på litteraturseminaret laurdag, delta på bibliotekbesøk og på bokbadet.
Les meir om Maria Lavik
Nina Ophaug. Privat foto.

Nina Ophaug

Nina Ophaug er utdanna lærar, rektor og yogalærar. Ho byggjer nå opp garden og setra for mellom anna gardsturisme tufta på yoga og levande kulturarv. Under Diktardagar deltek Nina på litteraturseminaret laurdag.
Les meir om Nina Ophaug
Olav Norheim. Foto: Mari O. Thingelstad

Olav Norheim

Olav Norheim er journalist, forfattar og teikneserieskapar. Han er aktuell med ny bok om Nyjordsvetlen, ein kjend figur frå Aukrustdiktet Aksion på Tande. Under Diktardagar fortel han om boka og personen på eit arrangement på Aukrust onsdag kveld.
Les meir om Olav Norheim

Ragnill Tessnes

Ragnill Tessnes er elev ved Jotunheimen vidaregåande skule. Ho deltek på seminar for ungdom der ho samtalar med lærar Kari Ousten Lyngved om å få livet snudd på hovudet da ho fekk ein alvorleg diagnose og om draumar og framtidstru.
Les meir om Ragnill Tessnes
Sunniva Relling Berg. Foto: Tove K. Breistein, Samlaget.

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg debuterte med ungdomsromanen «Utfor» i 2011. Boka vart nominert til Brageprisen i klassa for barne- og ungdomslitteratur. Sunniva skal besøke 6. klassingane i Lom, Skjåk og Vågå under Diktardagar.
Les meir om Sunniva Relling Berg
Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik. Foto: Tobias Mant.

Tale Maria Krohn Engvik

Tale Maria Krohn Engvik hadde vore tilsett som helsesyster i Oslo kommune i fem år, da ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen "Helsesista". Ho engasjerer seg særleg for barn og unge og dei som på ulike måtar slit litt ekstra. Under Diktardagar deltek ho på seminaret for ungdom.
Les meir om Tale Maria Krohn Engvik