Ingrid Blessom. Foto: Marteline Nystad
Ingrid Blessom
Ingrid Blessom (fødd 1984) frå Vågå er psykolog, som etter fleire år i Oslo flytta tilbake til bygda og Nordigard Blessom. Saman med familien restaurerer ho Uleberg, eit freda hus frå 1700-talet. Med respekt for historia og blikk for framtida gjev dei nytt liv til gamle materialar, teknikkar og forteljingar. Når ein restaurerer eit freda hus, arbeider ein ikkje berre for seg sjølv, ein arbeider for komande generasjonar. Prosjektet er òg følgt i TV-serien Nytt liv i gamle hus, der ho deler både utfordringar og små sigrar. På Diktardagar vil Ingrid snakke om kva det vil seie å følgje ein draum som handlar om noko større enn ein sjølv – å setje i stand for æva.