DET ER DEN DRAUMEN…
Draumar er tema for litteraturseminaret under Diktardagar 2026.
Litteraturvitar Jan Inge Sørbø tar for seg litteraturen og draumen, tittelen på foredraget hans er «Draumar som kraftkjelde, i litteraturen og livet». Journalist og forfattar Maria Lavik gav i 2024 ut boka «Odelsskam. Å gje slepp på ein gard etter femten generasjonar». Kva som var hennar draum heller enn å overta gard, fortel ho om på seminaret.
Ingrid Blessom, Åsne Sørlie-Nordnes og Nina Ophaug (alle tre busette i Vågå) skal snakke om det å følgje draumen, og kva draumen har hatt i seia for livet deira. Ingrid restaurerer eit gammalt hus, Åsne går på teaterhøgskulen, og Nina vart ufør etter ein skade og starta på ny utdannig og yogastudio.
Etter lunsj er det ei forandring i programmet. Filosof Lars Svendsen har dessverre måtte melde avbod. I staden kjem ein annan filosof, Einar Øverenget. Har kallar foredraget sitt «Lykkens filosofi».
Under seminaret blir det musikkinnslag ved Alf Hulbækmo, musikar frå Østerdalen.
Litteraturseminaret er i år på Ullinsvin i Vågå laurdag 5. september kl 10. Det blir servert lunsj, og det er høve til kjøpe billettar til heile eller delar av seminaret, med eller utan matservering.
Billettar finn du på heimesida www.diktardagar.no.