SKUMRINGSTIME I DOMEN
Under Diktardagar kan du få med deg ei spesiell oppleving i Domen på Soleggen torsdag 3. september kl. 20.00.
Astrid Garmo og Jonathan Lengali er to unge kunstnarar som med penn og fele begge er spådd ei lovande framtid innafor felta sine. Hos båe går lengsel og utferdstrong att som ein raud tråd: Den urbane poeten Jonathan kjøpte eit forfalle småbruk i Nissedal og skreiv ei diktsamling inspirert av det. Garmoingen Astrid tok hardingfela med til hovudstaden for å blande tradisjonsuttrykk med moderne, sjangeroverskridande prosjekt. Resultata av desse indre og ytre reisene er tekster og melodiar som tar pulsen på det å vera ung vaksen i dag.
Domen på Soleggen er eit bygg som med si form og sitt rom innbyr til refleksjon og introspeksjon. Publikum blir her invitert til ei framføring der dikt og musikk glir over i og spelar på kvarandre, samtidig som akustikken i domen blir ein eigen del av opplevinga.