KVA FOR DRAUMAR BER DEI PÅ

Portrett av Torgrim Eggen, Maria Lavik og Gaute Heivoll.

…forfattarane og personane dei skriv om?

Det kan vera noko å snakke om under bokbadet laurdag 5. september. Der møter du forfattarane Torgrim Eggen, Maria Lavik og Gaute Heivoll.

Maria Lavik gav i 2024 ut boka OdelsskamÅ gje slepp på ein gard etter femten generasjonar. Med utgangspunkt i eigen bakgrunn skriv ho der om utfordringa med å velja mellom å nytte seg av odelsretten og ta over gardsbruket, eller å la bruket bli selt ut av familien.

Gaute Heivoll frå Finsland har gjeve ut fleire titals bøker for barn, ungdommar og vaksne og motteke ei rekkje prisar. For romanen «Før jeg brenner ned» fekk han Brageprisen i 2010. Boka om pyromanen frå heimtraktene til Gaute vart også filmatisert. «Himmelens krystall» frå 2025 vann Lytternes romanpris. Boka handlar om postmannen Tomas, som lever eit enkelt og heller einsamt liv, men kva drøymer han om?

Torgrim Eggen romandebuterte med Gjeld i 1992, og har etter det skrive titals bøker, romanar, sakprosa og kulturhistorie. I 2019 kom biografien om Axel Jensen, som gav han både Brageprisen og Språkprisen. Hausten 2025 gav han ut Blodet, ein roman om heltar og landssvikarar, draum om ære og det som kjem etter nederlaget. Brørne Oddmund og Sigurd voks opp i Ringebu på 30-talet, og hadde sterk tilknyting til Dovre. Under 2. verdskrigen gjekk dei inn på tysk side og vart soldatar i Waffen SS som 17-åringar. Det er Eggens eigne onklar på morsida som er modellar for dei to brørne.