HIMMELVARDEN
Diktsyklusen Himmelvarden frå 1916 var det litterære gjennombrotet til Olav Aukrust. Samlinga inneheld både syklusar og enkeltdikt. Under Diktardagar 2026 får publikum ei framsyning i ord og tonar bygd på Himmelvarden, med eit utval av dikta.
Tidspunktet er laurdag 5. september i Utgard, Lom. Medverkande er Vegar Vårdal på fele, Bjørn Kåre Odde på fele, Iselin Aukrust med fele og song og Even Lusæter les dikta.
Framsyninga har vore sett opp tidlegare. Også da var det tingingsverk til Diktardagar. Dei som stod bak oppsettinga da, var Vegar Vårdal, Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter. Det blir gjort nokre forandringar frå den gongen, mellom anna blir det brukt meir lokal musikk.
Slik presenterer gruppa sjølve diktverket: Himmelvarden er bygd opp i bolkar. I den første bolken, «Elingar», skildrar Aukrust ein ungdom sitt møte med naturen, først lamslegen, før han finn si oppgåve: å frigjere sine indre krefter. I den andre bolken, «Adam og Eva», møter han kjærleiken. Den bolken tonar ut i eit av dei mest kjende dikta frå samlinga, «Ei naki grein». I tredje bolken, «Eldingsnetter», dukkar han djupare ned i kjærleiksmotivet. Gjennom den kvinnelege kjærleiken og Guds nåde finn han ein veg ut av livsangsten og opp frå avgrunnen. I den siste bolken, «Himmelvarden», kjempar han seg vidare opp, til han som i ekstase ser samanhengen i livet.
Både enkeltdikt og diktsyklusar kan ofte vera ei gullgruve for komponistar og visekunstnarar som tolkar dikta gjennom si tonesetjiing. Når ikkje så mange av dikta i Himmelvarden har vore tonesett i ettertid, kan vel noko av forklaringa liggje i at stoffet ikkje er så enkelt å trengje inn i. Sjølv om Aukrust sitt språk er både fargerikt og konkret, slik at du ser landskapet, bygda og naturen for ditt indre auge, er kontrastane og djupnene i biletbruken krevjande for folk flest. Men når det er sagt, er det nok mange godt vaksne i Gudbrandsdalen som kan nynne «Ola Jonson» eller deklamere «Sota».