BLI MED PÅ STEINKASTVANDRING
Vi snakkar ofte om at enkelte plassar er berre eit steinkast unna, eller at folk bur eit steinkast frå kvarandre. Det er opphavet til tittelen på arrangementet søndag 6. september.
I Lia i Lom er det nemleg berre eit steinkast mellom kulturopplevingane. Derfor blir det inga lang vandring, den er lett og familievennleg. Og vi skal altså ikkje kaste stein.
Vandringa får ein musikalsk start hos Mari Midtli og Frikk Gjeilo i Flatmogrenda. Turen går vidare til Haukdalen, ein heim knytt til Kitty og Gustav Wentzel. Liv Tone Marstein Kveen fortel. Deretter går vi Katrinevegen til Wilhelm Bjertnes og galleriet hans.
Hos Hallvard Helland i Furuheim blir det servert ein enkel lunsj, før vi blir med på opninga av eit låvegalleri. Der visest nyrestaurerte bilete av Jørgen Wentzel og av fleire andre kunstnarar knytt til området. Her blir det fleire musikkinnslag. Programmet er ferdig kl. 14.
Endre Skjåk er turleiar og losar oss gjennom løypa.
Turen er ikkje så lang, men dei som ikkje har lyst til å gå oppover att til parkeringa, kan vente i Furuheim. Dei sprekaste går for å hente bilane og køyrer ned til dei som ventar.
Turen startar på parkeringa ved skihytta i Lia kl. 9.45. Dei som er usikre på vegen, kan møte på kyrkjevollen i Lom kl. 9.15 for samkøyring.
Fordi programmet inkluderer lunsj, vil vi gjerne ha påmelding innan 31. august. Sjå Program og billettar på www.diktardagar.no. Prisen for vandring med lunsj er 500 kroner, barn går gratis.