Portrett av Iben Akerli

Iben Akerlie

Med varme, humor og alvor

Under årets Diktardagar får 6. klassingane i Vågå, Lom og Skjåk eit heilt spesielt møte med forfattaren Iben Akerlie. Ho kjem for å snakke om den nyaste boka si, Nils Non Grata – ei spennande og tankevekkande bok som tek opp viktige tema for unge lesarar.

Iben Akerlie debuterte som forfattar i 2016 med barneboka Lars er LOL, som fekk strålande mottaking og vann ARKs barnebokpris same år. Ho har sidan skrive fleire bøker som kombinerer varme, humor og alvor på ein måte som treffer både barn og vaksne.

Om å vere utanfor

I Nils Non Grata møter vi Nils, ein gut som kjenner seg utanfor og som strevar med å passe inn. Med klar stemme og stort engasjement skriv Akerlie om å finne sin plass, og om korleis det kjennest å vere annleis – eit tema mange barn kan kjenne seg att i.

Akerlie er også kjend som skodespelar, og hennar evne til å formidle og engasjere kjem tydeleg fram når ho møter publikum. Under Diktardagar får elevane høve til å stille spørsmål, høyre utdrag frå boka, og kanskje bli inspirert til å skrive sjølve.

Dette blir eit høgdepunkt for dei unge deltakarane – og ein fin måte å opne døra inn til litteraturen.

Ellen Vahr. Foto: Pernille Marie Walvik

Ellen Vahr – om utvandringa til Amerika

Sterke kvinneskjebner og gløymde historier

Forfattaren Ellen Vahr er kjend for å løfte fram sterke kvinneskjebner og gløymde historier frå verkelegheita – inspirert av si eiga slekt. Ho debuterte i 2011 med sjølvhjelpsboka Drømmekraft, og kom i 2013 med boka Våg Livet. Ho har sidan markert seg som skjønnlitterær forfattar med romanen Gaven (2016), som vart nominert til Bokhandlerprisen, og Idle Hour-triologien.

Med bakgrunn frå finansverda og coaching, skriv Vahr med stor innsikt i kva som driv menneske – både i motgang og i kampen for fridom, kjærleik og sjølvstende. Bøkene hennar er prega av levande forteljarkunst, historisk forankring og ei sterk tru på den indre krafta i mennesket.

Ellen Vahr bur i Asker og arbeider som forfattar for Aschehoug forlag på fulltid. Ho held òg føredrag og kurs om kreativitet, intuisjon og det å følgje eigne draumar.

Idle Hour-trilogien

I samband med utvandrarjubileet i år, er det ei glede å ynskje Ellen Vahr velkomen til Diktardagar. Ho vil dele innsikt frå arbeidet med Idle Hour-trilogien, og snakke om korleis ho har arbeidd med kjelder, slektshistorie og forteljarkunst for å løfte fram dei tause stemmene frå historia – særleg dei kvinnelege.

Fyrst deltek ho på litteraturseminaret, så på Skjåk folkebibliotek og sidan på bokbadet – tre arrangement på laurdag.

Utvandrere av Gustav Wentzel.

Litteraturseminar 6. september

Vandring og forandring

I tillegg til foredrag om den nasjonale og lokale utvandringa, får vi høyre om korleis samfunnsforholda var i bygdene utvandrarane reiste frå. Forfattar Ellen Vahr fortel om romantriologien som er inspirert av ei av kvinnene som emigrerte.

Seminaret Vandring og forandring markerer utvandrarjubileet 2025, med innslag om lokal og nasjonal utvandring og innvandring.  

Ei av dei som har kome hit til landet som flyktning, er Mariam Rasouli frå Afghanistan. Ho fortel den dramatiske historia si, og lokale flyktningar fortel korleis dei har opplevd å måtte reise frå heimlandet og koma til ei bygd i Ottadalen.

Kristin Akslen Hagen syng emigrantviser.

Bokbad

Tre spennande forfattarar møtest til bokbad på Fossberg laurdag kveld under Diktardagar.

Guro Kulset Merakerås er journalist og kritikarrost forfattar av fleire sakprosabøker. I fjor gav ho ut boka Jeg er Mariam. En fortelling om frihet. I denne boka fortel afghanskfødde Mariam Rasouli om vegen mot fridom og viser oss eit liv i, men på same tid på sida av, det norske samfunnet. Boka vart kåra til ei av årets beste bøker i Klassekampen: «Eit uvanleg levande portrett av ein flyktning frå Afghanistan som trass traumatiserande erfaringar formidlar kunnskap, håp og livsglede».

Therese Tungen, dølajente frå Kvam, er aktuell med ny bok til hausten. Da kjem romanen Den andre sida av elva, ein historie som har ligge på vent i ti, femten år. Karnanne Amundsen kjem attende til bygda ho nærmast flykta frå for tredve år sidan, då storesystera vart funnen død i elva. I boka blir vi kjende med Karnanne, Ænar og Knut og andre skrøpelege typar, i følge forfattaren. Vi gler oss over at Therese er med oss på Diktardagar igjen og til å lesa og høyre meir om boka.

Ellen Vahr er invitert til Diktardagar i høve markeringa av utvandrarjubileet. Ellen har skrive Idle Hour-trilogien, ein romantrilogi inspirert av bestemora si reise til Amerika under første verdskrigen, om tida hennar som tenestejente hjå familien Vanderbilt, ein av dei rikaste familiane i USA på den tida.

Her ligg det an til å bli ei interessant og vidtfemnande samtale mellom dei tre forfattarane og Magnhild Bruheim som leiar bokbadet.

Therese Tungen. Foto: Tine Poppe.

Bokaktuelle Therese Tungen

Therese Tungen er forfattar frå Kvam, busett i Oslo. Ho debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. I 2019 kom andre novellesamlinga, Kjærleik og det som liknar. Denne fekk strålande kritikkar og vart nominert til EUs litteraturpris 2020. Boka Snu deg: Edvins bok frå 2022 er ei dokumentarisk utforsking av sorgprosessen rundt tapet av sonen Edvin på seks år. Til hausten kjem ho med romanen Den andre sida av elva. Denne gongen skriv ho om Karnanne Amundsen som kjem attende til bygda ho nærmast flykta frå for tredve år sidan, då storesystera vart funne død i elva.

Therese vart tildelt Aschehougs debutantstipend i 2017. Same haust deltok ho på Diktardagar med debutboka si, og året etter vart ho tildelt Bjørnsonstipendet. Forfattaren har også jobba som forlagsredaktør og som litteraturmeldar i Morgenbladet og Klassekampen.

På Diktardagar år vil Therese prate om den nye boka på Vågå bibliotek laurdag og på bokbadet om kvelden same dag.

Utvandrere av Gustav Wentzel.

Opning av Diktardagar 2025

Diktardagar 2025 markerer 200-årsjubileet for den norske utvandringa til Amerika. Samtidig rettar vi merksemda mot dei som har utvandra frå andre land for å finne ny heim i landet vårt.
Opninga skjer i Vågå kulturhus fredag 5. september kl 18. Det er ordførar Harald Sve Bjørndal som står for sjølve opninga. Det blir musikkinnslag med Lina Haug Randen og Clyde Sebastian Bonifacio og minikonsert med Ranglarkampen Kamferkor. Therese Tungen vil lesa frå boka som kjem til hausten, og det blir som vanleg utdeling av Diktardagarprisen.

Guro Kulset Merakerås. Foto: Kari-Anne Toth.

Flukt og fridom. Guro Kulset Merakerås

Guro Kulset Merakerås frå Trondheim er ein kritikarrost og prisvinnande sakprosaforfattar og journalist som vi er svært glade for å ha med oss på årets Diktardagar. Guro er heidra av Norsk Journalistlag for arbeidet sitt med å belyse forholda på Europas yttergrenser og har skrive to kritikarroste sakprosabøker om menneske på flukt. Som forfattar debuterte ho internasjonalt i 2024, med boka Moria. På innsiden av Europas største flyktningleir, som ho og medforfattar Katrin Glatz Brubakk vann NTNUs litteraturpris for same år. I fjor kom boka Jeg er Mariam. En fortelling om frihet som ho skreiv saman med afghanske Mariam Rasouli.

Frå utvandrar til innvandrar

Eit lands utvandrar er eit anna lands innvandrar. Likevel vekkjer ordparet innvandrar/utvandrar heilt ulike assosiasjonar i oss. Utvandraren blir ofte sett på som eventyrlysten og initivativrik. Tenkjer vi det same om innvandraren? I Moria-boka utforskar forfattarane haldningane våre til menneske som kryssar grenser i jakt på eit betre liv. Den prisløna boka gjev lesarane eit unikt innblikk i dei menneskelege sidene ved dagens innvandring, migrasjon og flukt til Europa. Var det innvandrarar eller utvandrarar Guro møtte på Europas yttergrenser? På Diktardagar held ho foredraget Fra utvandrer til innvandrer på Lom folkebibliotek laurdag.

Jeg er Mariam

Korleis er det å koma som flyktning til Noreg? Korleis ser ei innvandrarkvinne seg sjølv i møte med det norske? Boka Jeg er Mariam. En fortelling om frihet fortel om afghanske Mariam Rasoulis veg til friheit og viser oss eit liv i, men samtidig på sida av, det norske samfunnet. Mariam kom til Noreg som flyktning for over tjue år sidan. I møte med Guro fortel ho ope om kvinneliv i eit lukka miljø. Jeg er Mariam gjev stemme til ei gruppe i samfunnet vårt som sjeldan grip ordet – minoritetskvinner utan utdanning og skriftspråk. Guro og Mariam deltek båe på litteraturseminaret laurdag med foredraget Historia om Mariam.

Guro deltek òg på bokbad laurdag kveld saman med forfattarane Therese Tungen og Ellen Vahr.

Plakat av kabareten"Diktarplager". Foto: Jotunheimen Underholdning

Diktarplager 2.0

Under Diktardagar i september kan publikum gle seg til gjensyn med Diktarplager, ein kabaret bygd på tekster av lokale forfattarar. I 2007 hadde Jotunheimen Underholdning stor suksess med denne kabareten. Etter den tid har gruppa laga fleire framsyningar med tekster av forfattarane, så ein del av innslaga er skifta ut.

Må forfattarar vera plaga i livet for å skapa stor kunst? Finst det att i tekstene?
Spørsmåla omkring forfattarmyten var utgangspunktet for kabareten, der vekslinga mellom humor og alvor slo godt an. Tanken var å presentere dei lokale diktarane (Hamsun, Aukrust, Ørjasæter, Skrede, Bruheim, Jonsson med fleire) i ei meir moderne form, i håp om at dei skulle bli oppdaga av nye generasjonar, noko gruppa lykkast med.

Av aktørane frå Jotunheimen Underholdning som deltar på scena, er Endre Skjåk, Lars Bakke, Reidar Svare, Ole Johnny Bekkemellem, Ole Foss med fleire.

Laurdag 6. september kl. 18 er tidspunktet.

Diktardagar 2025

Portrett av Ellen Vahr. Foto: Pernille Marie Walvik

Ellen Vahr kjem til Diktardagar 2025. Foto: Pernille Marie Walvik

Vandring og forandring

Diktardagar 2025 vil markere 200-årsjubileet for den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika, med hovudvekt på dei som utvandra frå bygdene våre. Samtidig rettar vi merksemda mot dei som har utvandra frå andre land for å finne tryggleik og ein ny heim i landet vårt. Vi nyttar fleire måtar med å trekkje innvandrarar og flyktningar med i programmet.

Seminaret har fleire spennande programpostar

Temaet vil gå att på fleire programpostar, men først og fremst på litteraturseminaret laurdag den 6. september. Der vil Terje Joranger frå Anno museum snakke om utvandringa til Amerika. Atle Brandsar skal ha foredrag om den lokale utvandringa, Hans P. Hosar vil fortelja om samfunnsforholda i bygdene lokalt den tida folk reiste ut.

Ellen Vahr har skrive ein romantrilogi om norske Thea som reiste til Amerika, bøker som er inspirert av bestemora til Vahr. På seminaret vil ho fortelja om det prosjektet.

Andre delen av seminaret handlar om dei som er innvandrarar i Noreg og regionen vår. I boka «Å krysse grenser» fortel 37 flyktningar busette i Lillehammer og nabokommunar historia si. Brynjulf Handgaard er med på seminaret for å for å fortelja om prosjektet. Mariam Rasouli er flyktning frå Afghanistan. Saman med Guro K. Merakerås har ho skrive boka «Jeg er Mariam».

Vi inviterer også flyktningar/innvandrarar som har busett seg i Ottadalsbygdene.

For ungdom

Mariam Rasouli er også med på seminaret for ungdom fredag formiddag. Der blir ho bokbada av elevar frå vidaregåande. Andre del av seminaret handlar om utvandringa. Terje Joranger fortel historia om utvandrarane, med vekt på Jørgine Boomer, som reiste frå ein husmannsplass i Bøverdalen og vart hotellvertinne på Waldorf Astoria. Her blir det mellom anna vist ein film om Jørgine.

Opninga av Diktardagar 2025 er i Vågå

Opninga skjer fredag kveld, i år i Vågå. Ordførar Harald Sve Bjørndal vil opne, elles blir det musikkinnslag med Clyde Sebastian Bonifacio og Lina Haug. Forfattaren Therese Tungen skal lesa frå boka som kjem til hausten, det blir utdeling av Diktardagarprisen og til slutt minikonsert med Ranglarkampen Kamferkor.

6. klassingane, biblioteka og helseheimane

Som vanleg blir det forfattarbesøk for elevar på 6. klassesteg. I år der det Iben Akerlie som skal prate om den nye boka si «Nils non grata»,. Det blir forfattaropplesing/foredrag på biblioteka. Elles program på helseheimane, Diktardagarmiddag på Fossheim, Tor Jonsson-foredrag ved TJ-stugu (Jimmy Ginsby: Tor Jonsson på svenska).

Ny premiere med forestillinga «Diktarplager»

Laurdagskvelden får vi gjensyn med forstillinga «Diktarplager». Jotunheimen Underholdning hadde i 2007 premiere på forestillinga Diktarplager – ein kabaret, som bygde på tekster av fleire Ottadalsforfattarar. Til Diktardagar 2025 skal gruppa vidareutvikle forestillinga.

Bokbad

Seinare på kvelden blir det bokbad på Fossberg med tre aktuelle forfattarar: Therese Tungen, Ellen Vahr og Guro K. Merakerås.

Guida tur gjennom grender i Skjåk

I 2025 er det Vennelaget Jan-Magnus Bruheim som er ansvarlege for programmet. Bruheim får derfor plass på programmet søndag 7. september. Det blir guida tur gjennom grender i Skjåk, program med enkel servering i Øygardskulen. Her skal Håvard Grjotheim kåsere om «Læraren, poeten og humanisten», elles blir det opplesing av brev til og frå Amerika.

Turen går vidare innom den nye diktarstigen på flomvollen i Bismo og til Lundagrendi med program og mat der.

Utstilling av Amerikafoto

I Utgard blir det utstilling av Amerikafoto, ei slik utstilling blir først vist på biblioteket i Skjåk under Solfesten i mars.

Diktardagar 2025 vil gå føre seg 4. til 7. september.

Programmet blir oppdatert utover våren.

Diktardagar 2025

5. – 7. september
Tema for Diktardagar 2025 er «Vandring og forandring. Om utvandring og innvandring»

Beklager, vi fant ingen innlegg. Vennligst prøv et annet søk.