Stad: Vågåmo
Dato: 30.08.2018
Tid: 16:30 - 20:30

Aasmund O. Vinje var innom Vågå da han sommaren 1860 tok turen frå Christiania til Trondheim for å dekkje kroninga av kong Karl XV i Nidarosdomen. Denne turen er skildra i boka «Ferdaminne frå sumaren 1860».

Under Diktardagar 2018 markerer vi at det er 200 år sidan denne særmerkte forfattaren og journalisten frå Vinje vart fødd. I Vågå blir det torsdag 30. august vandring i fotspora til Vinje. Frammøtet er kl 16.30 på Halland i Vågåmo. Fellestransport derifra. Turen går til Jettsetra, der det blir servering og orientering. Det er om lag ein time å gå i kvar retning, ta gjerne med lykt for heimturen. Turleiar er Ola Grøsland. Arrangementet er gratis. Det blir arrangert i samarbeid med Mållaget Ivar Kleiven og Turlaget i Vågå.

Laster kart ....