Jon Fosse-program på Diktardagar

Bilde av Klaus Vatne
Klaus Vatne deltek på diktardagane i 2024. Foto: Foto: Sverre Skilbreid

Klaus Vatne har tonesett tekstar av Jon Fosse

Det var ei stor hending for norsk litteratur og for nynorsken at Jon Fosse vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023. Jon Fosse sjølv er ikkje så glad i å reise rundt, men under årets Diktardagar får vi likevel eit Fosse-program, med musikar Klaus Vatne.

Vatne skal delta på opninga i Skjåk fredag kveld den 30. august, og han har lengre program på biblioteka i Skjåk og Vågå.

Klaus Vatne er ein artist frå Bergen som har sett melodi til Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009) og har framført desse songane jamleg sidan 2011. Tonesetjingane er i sjiktet vise, pop og blues, dette er difor musikk som fell i smak hjå eit breitt publikum.

Klaus har hatt to bibliotek-turnéar på Vestlandet, og skal i 2024 i veg på turné i Sogn og Fjordane (Folkeakademiet). Han gjestar GodNatt Oslo Litteraturfestival i april, Longyearbyen litteraturfestival og ein Fosse-festival på Karmøy bibliotek i september. Han har tidlegare spelt ved fleire by-scener i Bergen og har mellom anna besøkt Symposiet i Odda. Nokre av Klaus sine «Songar» har vorte spelte på NRK og han har fått reportasje og omtale i Bergens Tidende.
 

«Songar» er vakre tekstar om livet, med eit enkelt språk og ein rik biletbruk. Dette er tekstar med store tema som kjærleik, von, lengsle, redsle og mykje meir. Eg har freista å la tekstane i størst mogleg grad få visa vegen for korleis musikken skulle ta form. Det er særskild stemninga og ei slags «heilag einsemd» i dikta som har fanga meg. Dersom noko av dette vert spegla i musikken, skal eg vere særs nøgd.

KLAUS VATNE