Program for Diktardagar 2024

Ragnhild Kolden og Brynjulf Jung Tjønn
Ragnhild Kolden og Brynjulf Jung Tjønn kjem til Diktardagar 2024

Heim – det å høyre til

Det er tema for Diktardagar 2024 (30. august–1. september).

Temaet vil bli tatt opp mellom anna på:

Litteraturseminaret laurdag 31. august
Der vil innleiarane vise på ymse vis kor viktig det er å høyre til.

Siri Helle (1982-), agronom, forfattar og fast spaltist i Dag og Tid vil prate om boka si Trollefossvegen 23: tilbake til heimbygda, som kom ut i 2022. Siri kjem frå Holmedal i Fjaler.

Kjartan Hatløy (1954-), frå Hyllestad i Sogn, filosof og diktar. Har gjeve ut fleire diktsamlingar.

Ragnhild Kolden (1956-), frå Lom, forfattar. Ho har gjeve ut fleire romanar med bakgrunn frå andre verdskrig. På seminaret vil ho snakke om essayet Heim som ho skreiv til Stiftinga G-Kultur i 2020.

Andre del av seminaret er ein:

Litterær samtale: Knut Hamsun og Edvard Munch – var sinnets meistrar i kunsten. Med penn og pensel sette dei sitt preg på kunstforma til den tidlege modernismen i 1890 åra i Norge. Dei var jamne i alder og hadde begge referanse til Vågå og Lom.

I samtale med Ivo de Figueiredo, historikar og biograf og Henning Howlid Wærp, forfattar og professor ved UiT spør samtaleleiar Ragnhild Hovengen: Kan vi finne parallelle uttrykksformer i biletkunsten til Munch og litteraturen til Hamsun?

Brynjulf Jung Tjønn er ein annan forfattar som vil delta på fleire arrangement.

Han har gjeve ut bøker for både barn, ungdom og vaksne. I 2022 gav han ut diktboka Kvit, norsk mann, som handlar om eigne opplevingar av rasisme, og om ønsket om å vera kvit, norsk mann. Boka fekk strålande mottaking, og Jung Tjønn vart tildelt Ungdommens kritikarpris for ho.

Under Diktardagar skal forfattaren på bokbading både på seminaret for ungdom fredag og på bokbadet laurdag kveld. Han vil elles besøkje eit av biblioteka.

Opningsframsyninga er i år i Skjåk fredag kveld.

Det blir program med mange innslag av lokale musikarar og songarar; Bjørn Kåre Odde, Mari Midtli, Mats Erik Odde, Frikk Gjeilo og fleire.

Laurdag kveld 31. august blir det framføring av konsertforestillinga Som å koma heim – om å skape ein song av og med Lars Bakke, Ole Foss, Reidar Svare, Rune Kjørren og Endre Skjåk i Utgard i Lom.

Kabareten Nye Diktarplager i Utgard med Endre Skjåk, Lars Bakke, Reidar Svare, Ole Foss, Rune Kjørren m.fl. er utsett til Diktardagar 2025.

Kvelden blir avslutta med bokbad på Fossberg.

Sundag 1. september arrangerer vi utflukt: I Knut Hamsun og Edvard Munchs fotspor

Elles blir det som vanleg forfattarbesøk for 6.-klassingane i Ottadalsbygdene, forfattarbesøk på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå, og sjukeheimane får besøk av barn/ungdom som syng og spelar.

Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.

JAN-MAGNUS BRUHEIM