Dato: 30.08.2018
Tid: 19:00 - 20:00

I 1968 var det 150 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund O. Vinje vart fødd. Da laga NRK eit fjernsynsprogram om Vinje i Jotunheimen. Fleire somrar oppsøkte han Jotunheimen og vandra i fjellområda. Det var jo han som gav fjella det namnet vi kjenner i dag, Jotunheimen. Ved Eidsbugaredn sette han seg opp ei bu.

NRK-programmet vart laga av Olav Midttun, tidlegare riksprogramsjef i NRK og professor i nynorsk litteratur. Her fortel han om turane Vinje hadde i Jotunheimen, og han les frå tekstane som Vinje skreiv inspirert av naturopplevingane. Det blir vist gamle filmopptak frå områda han snakkar om.

Programmet fortel mykje om fjellmannen Vinje og forholdet hans til Jotunheimen, og det inneheld naturskildringar båe i ord og bilete.

Laster kart ....