Sponsorer

Takk òg til

Festkveld for Tor Jonsson

I år er det 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Dette har blitt markert med ny og utvida Dikt i samling tidlegare i år. Fredag blir det festkveld for Tor Jonsson i Utgard. Henning Sommerro syng tekster av Tor Jonsson. I tillegg deltek Camilla Granlien, Reidar Svare, Hildegunn Hovde, Bjarne Tormodsgard og Rita Mundal. Det blir også utdeling av kulturpris og kulturstipend. Vel møtt til festkveld i Utgard fredag 12. november kl. 19.30.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Tor Jonsson-laget og Lom kommune.

Hundreårsmarkering for Nobelprisen i litteratur til Knut Hamsun

10. desember 2020 var det 100 år sidan Knut Hamsun fekk tildelt Nobelprisen i litteratur i Stockholm. Knut Hamsun-laget i Lom hadde planer om å markere hendinga på hundreårsdagen, men koronaen sette ein stoppar for det. Nå prøver laget på nytt med markeringar 1. og 2. oktober:

Fredag 1. oktober i Utgard i Lom:

18:00 Opning av måleriutstilling av Wilhelm Bjertnes: Livsveven – lengt og lagnad, tematiske bilde til Markens grøde av Knut Hamsun

19:00 Hamsun-program i Kultursalen
Om hundrede år er allting glemt med Hanne og Synne Kjøk
Velkomen ved styreleiar i Knut Hamsun-laget Torstein K. Garmo
Helsing frå Lom kommune ved ordførar Bjarne Eiolf Holø
Song ved Reidar Svare
Knut Hamsun og kva han har betydd for forfattarar internasjonalt ved Torunn Kjøk
Lom juniorspelmannslag
Foredrag ved Edvard Hoem
Musikkinnslag med Bjørn Kåre og Mads Erik Odde
Leif Hamsun les nobeltalen til Knut Hamsun
Utdrag frå Markens grøde ved Endre Skjåk og Pål Svindland
Regine Hamsun les frå Sult
Inngang:
Vaksne 200 kr, skuleelevar 100 kr
Billettar

21:30 Festmiddag på Fossheim hotell. Trerettar og kaffe 500 kr
Billettar må kjøpast innan 25. september

Laurdag 2.oktober
Den planlagde vandringa på Hamsun’s gjengrodde stigar i Garmo er avlyst.

Arrangørar: Knut Hamsun-laget i Lom i samarbeid med Lom kommune og Diktardagar
Atterhald om endringar i programmet

Diktardagar 2021 i bilde

Helga Flatland gjestar Lom folkebibliotek
Bokbad med Olaug Nilssen, Helga Flatland, Are Sende Osen og Magnhild Bruheim
Vandring til Tingsvaet tusen år etter Olav den heilage
Festkveld med Sol i skuggeskog
Hilde Sandvik fortel om bestefar, Ola Martinus Høgåsen
Atle Hansen på forfattarturné til 6. klassingar i Lom, Skjåk og Vågå
Are Sende Osen på litteraturseminaret: Kongerekka- Game of Thrones fra virkeligheten
Håvard Grjotheim held foredrag om Edvard Grimstad på Sota Sæter
Konsert med Eldhug på Sota Sæter
Fjelltite deltok på festkvelden, seminaret og på Lom helseheim
Utsikt frå Jutulheimen

Bokbad med intrigar, sex og brodermord

Olaug Nilssen og Helga Flatland er to av våre fremste forfattarar. Olaug fekk sitt store gjennombrot med romanen Få meg på for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og blitt ei viktig stemme for folk med funksjonshemming og familiane deira. For romanen Tung tids tale, der ho ope fortel om å vera mor til eit sterkt funksjonshemma barn, mottok ho Brageprisen i 2017.

Helga Flatland slo i 2010 gjennom med debutromanen Bli hvis du kan, reis hvis du må, fyrste boka i trilogien om fire ungdommar frå ei lita bygd som vervar seg og reiser til Afghanistan. Sidan har ho motteke fleire prisar for forfattarskapen sin og er ein av våre mest lesne forfattarar.

Med seg i bokbadet har damene Are Sende Osen, kjend frå duoen Are og Odin. Den populære podcasten hans om kongerekka kjem ut i bokform i haust. På Diktardagar blir det ei lita førlansering av boka. Vi kan love eit bokbad med intrigar, sex, brodermord, trolldom og blodige slag. Som alltid på Diktardagar er Magnhild Bruheim bademeister.

Kongerekka i bokform

Den populære podcastserien til Are Sende Osen kjem nå ut i bokform. Intrigar, sex, brodermord, trolldom og blodige slag – Game of Thrones frå vår eigen norske vikinghistorie. Visste du at Harald Gråfell egentlig var Noregs første influencar? Eller kor mange koner Harald Hårfagre hadde? Dette er noko av det du får svar på i boka der det går slag i slag frå Harald Hårfagre og fram gjennom historia.

På Diktardagar får vi ein forsmak på boka som kjem i sal 8. september. Are Sende Osen deltek på litteraturseminaret, seminaret for ungdom og på bokbadet.

Vandring til Tingsvasletta – 1000 år etter kristningsferda til Olav den heilage

Torsdag 2. september kl. 18.00 blir vandring med omvisar til Tingsvasletta der Olav den heilage etter segna heldt ting med vagverane. Etterpå blir det samling i Jutulheimen der Ola Grøsland fortel om åsatru og kristendom. Billettsal i Jutulheimen.
Arrangementet er i regi av Mållaget Ivar Kleiven, Vågå historielag og Diktardagar.

Wilhelm Bjertnes stiller ut i Utgard

I 2021 er det 70 år sidan Tor Jonsson døydde. Wilhelm Bjertnes har funne inspirasjon i dikta hans og stiller ut måleria sine i Utgard. Utstillinga opnar onsdag 1. september kl. 18.00.

I høve 20-årsjubileet for Diktardagar blir det òg plakatutstilling i Utgard.

Foto: Fjuken

Festkveld i Utgard

Laurdag kveld er det duka for ny festkveld i Utgard! Dei dyktige og sjarmerande jentene i Fjelltite opnar ballet. Ingar Sletten Kolloen held årets festtale. Det blir opplesing ved Olaug Nilssen. Den lokale gruppa Tufskrøkjun opptrer med musikk etter Fel-Jakup i høve jubiléet. Diktardagarprisen 2021 blir delt ut, og gruppa Sol i skuggeskog avrundar festkvelden med ein halvtimes konsert. Vel møtt!

Billettsalet er i gang

Billettar til opningsarrangementet, diktardagarmiddagen, litteraturseminaret, Tor Jonsson-foredraget, festkvelden, bokbadet og seterdagen på Sota er lagt ut for sal. Kontakt Vågå bibliotek for billettar til teaterframsyninga «Skam deg, Mayliss!». På forfattarbesøka på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå laurdag er det berre å møte opp. Det er avgrensa tal på billettar på fleire av arrangementa på grunn av koronaen i år også, så her blir det fyrst til mølla. Vel møtt!

Opningsprogram om O. M. Høgåsen

Ola Martinus Høgåsen, oftast omtala som O.M. Høgåsen eller bare Martinus Høgåsen, var fødd i Grue i 1900. Han kom frå små kår på Finnskogen. I ungdommen var han med far sin som skogsarbeidar, men trongen etter bokleg lærdom var stor. Han fekk ordna med lån og gjekk den 2-årige lærarskulen i Oslo. I 1921 var han ferdig utdanna lærar, og fekk seg lærarpost i Skåbu. Frå 1939 var han lærar og klokkar i Vågå, seinare fekk han stilling som skuleinspektør.

O.M. Høgåsen var eit engasjert og skrivande menneske. Han gav ut diktsamlingar og barnebøker, skreiv avisartiklar, prologar og foredrag. I 1940 organiserte han frivilligvern, vart arrestert fleire gonger under krigen og forvist frå bygda. Han var politisk aktiv. I Vågå var han medlem av kommunestyret i 15 år, og ordførar for Arbeiderpartiet frå 1945 til 1951. Han hadde ei rekkje verv både lokalt og nasjonalt som forfattar og redaktør, folkeminnesamler, lokalhistoriker, avhaldsforkjempar og nynorskforkjemper. Det er han som står bak den nynorske versjonen av Internasjonalen.

Han og kona Helga, fødd Oppheim, fekk tre søner og ei dotter. O.M. Høgåsen døydde i 1964 i Vågå.

I år ynskjer Diktardagar å ære Ola Martinus Høgåsen. Opninga av festivalen er lagt til heimen hans i Grindstugu. Der blir det omvising og enkel servering, og Hilde Sandvik held foredrag om bestefaren.