Opningsprogram om O. M. Høgåsen

Ola Martinus Høgåsen, oftast omtala som O.M. Høgåsen eller bare Martinus Høgåsen, var fødd i Grue i 1900. Han kom frå små kår på Finnskogen. I ungdommen var han med far sin som skogsarbeidar, men trongen etter bokleg lærdom var stor. Han fekk ordna med lån og gjekk den 2-årige lærarskulen i Oslo. I 1921 var han ferdig utdanna lærar, og fekk seg lærarpost i Skåbu. Frå 1939 var han lærar og klokkar i Vågå, seinare fekk han stilling som skuleinspektør.

O.M. Høgåsen var eit engasjert og skrivande menneske. Han gav ut diktsamlingar og barnebøker, skreiv avisartiklar, prologar og foredrag. I 1940 organiserte han frivilligvern, vart arrestert fleire gonger under krigen og forvist frå bygda. Han var politisk aktiv. I Vågå var han medlem av kommunestyret i 15 år, og ordførar for Arbeiderpartiet frå 1945 til 1951. Han hadde ei rekkje verv både lokalt og nasjonalt som forfattar og redaktør, folkeminnesamler, lokalhistoriker, avhaldsforkjempar og nynorskforkjemper. Det er han som står bak den nynorske versjonen av Internasjonalen.

Han og kona Helga, fødd Oppheim, fekk tre søner og ei dotter. O.M. Høgåsen døydde i 1964 i Vågå.

I år ynskjer Diktardagar å ære Ola Martinus Høgåsen. Opninga av festivalen er lagt til heimen hans i Grindstugu. Der blir det omvising og enkel servering, og Hilde Sandvik held foredrag om bestefaren.