Kongar og kristning med Are Sende Osen

I år er vi så heldige å ha med oss Are Sende Osen på Diktardagar. Are er kjend for dei fleste som halvparten av duoen Are og Odin. Saman med makkar Klaus Sonstad har han hatt ei rekke radio- og TV-program og karriere som musikkartist.

Kongerekka er Are Sende Osens nye populærvitskaplege podkast-serie. Her presenterer han den norske kongerekka bokstaveleg talt slag i slag frå Harald Hårfagre og framgjennom historia. Dette er Game of Thrones frå røynda: intrigar, sex, brodermord, trolldom og bakhaldsangrep. Are gjer det heile levande og presenterer historien med ein særeigen, humoristisk snert. I september kjem kongerekka ut i bokform, og er vi retteleg heldige, har han med seg den rykande ferske boka på Diktardagar.

Under Diktardagar deltek han på miniseminaret for elevar på ungdomssteget og på den vidaregåande skulen med føredraget Kongerekka – med eld og sverd. Laurdag opnar han litteraturseminaret i Utgard med Kongerekka. Game of Thrones fra virkeligheten, og laurdag kveld er han med på bokbadet saman med Olaug Nilssen, Helga Flatland og Magnhild Bruheim.