Sponsorer

Takk òg til

Årets aktørar

Are Sende Osen

Are Sende Osen

Are Sende Osen er aktuell med bok om kongerekka. Han deltek på Diktardagar 2021 i høve 1000-årsjubileet for kristninga av Noreg med føredrag om kongane på litteraturseminaret, seminaret for ungdom og på bokbadet. 

Atle Hansen

Atle Hansen

Atle Hansen skal på skuleturné på Diktardagar. 6. klassene i Lom, Skjåk og Vågå får besøk av forfattaren som i tillegg til å skrive bøker, spelar og syng. Han skal også ha ein minikonsert på Diktardagarmiddagen på Fossheim.

Eldhug

Eldhug

Eldhug er eit rockeband som spelar eigekomponert musikk med tekstar på nynorsk. Eldhug deltek på seterdagen på Sota sundag.

Fjelltite

Fjelltite

Fjelltite er seks jenter frå Lom som syng og spelar fele. Under Diktardagar opptrer dei på Lom helseheim og på festkvelden i Utgard laurdag.

Håvard Grjotheim

Håvard Grjotheim

Håvard Grjotheim deltek på Diktardagar på seterdagen på Sota sæter med foredrag om Edvard Grimstad.

Helga Flatland

Helga Flatland

Helga Flatland debuterte i 2010 med den prisløna romanen «Bli hvis du kan. Reis hvis du må». Under Diktardagar deltek ho på seminar for ungdom der elevar frå den vidaregåande skulen skal intervjue ho om debutromanen. Elles vitjar ho Lom folkebibliotek og deltek på bokbadet laurdag.

Idun Byre

Idun Byre

Idun Byre skal opptre på Skjåkheimen laurdag. Der spelar ho nokre leikar på fele for bebuarane. 

Ingar Sletten Kolloen

Ingar Sletten Kolloen

Ingar Sletten Kolloen er i haust bokaktuell med bind 2 av trilogien om Noreg under krigen. Under Diktardagar held han årets Tor Jonsson-foredrag og talar på festkvelden laurdag.

Ingvill Høgvoll

Ingvill Høgvoll

Ingvill Høgvoll opptrer med opplesing av dikt på seterdagen på Sota.

Ivar Teigum

Ivar Teigum

Ivar Teigum deltek på seterdagen på Sota sæter med foredraget «Fel-Jakup, eit spelmannsliv».

Jarnfrid Kjøk

Jarnfrid Kjøk

Jarnfrid Kjøk deltek saman med Sigrid Bø på litteraturseminaret med foredraget «Erotiske motiv og biletbruk i eventyr, viser og stev frå Gudbrandsdalen og Setesdal».

Kari Grøsland

Kari Grøsland

Kari Grøsland opptrer for bebuarane på Vågåheimen laurdag og som ei av Tufskrøkjun på festkvelden i Lom laurdag.

Knut Selsjord

Knut Selsjord

Knut Selsjord deltek på litteraturseminaret med foredraget «Gudbrandsdøler – fortellinger om jord, penger og kjerringbragder».

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er fast leiar av bokbadet på Diktardagar. I år deltek ho også med foredraget «Bruk av segner og historie frå Gudbrandsdalen i litteraturen» på litteraturseminaret laurdag. 

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen er ei tydeleg og viktige stemme i norsk litteratur. Ho fekk Brageprisen i 2017 for romanen «Tung tids tale» og er ein sentral talsperson for funksjonshemma og pårørande i Noreg. Under Diktardagar besøkjer ho Skjåk folkebibliotek, deltek på festkveld og bokbad i Lom laurdag.

Sigrid Bø

Sigrid Bø

Sigrid Bø deltek saman med Jarnfrid Kjøk på litteraturseminaret med foredraget «Erotiske motiv og biletbruk i eventyr, viser og stev frå Gudbrandsdalen og Setesdal».

Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard

Sigrun Slapgard er journalist, forfattar og nynorskforkjempar. Ho deltek på litteraturseminaret på Diktardagar med foredraget «Den historiske romanen. Kristin Lavransdatter frå Jørundgård i Sel».

Sol i skuggeskog

Sol i skuggeskog

Sol i skuggeskog er ei musikkgruppe frå Oppdal som består av musikarane Einar Lian-Børgum, Ingrid Lian-Bjørgum og Øyvind Sandum. Gruppa framfører tekster av Finn Sandum. Sol i skuggeskog opptrer på festkvelden laurdag.

Terje Kleiven

Terje Kleiven

Terje Kleiven deltek på litteraturseminaret på Diktardagar 2021 med foredraget «Ivar Kleiven. Historikar, folkeopplysar og nybrottsmann». 

Tufskrøkjun

Tufskrøkjun

Tufskrøkjun deltek på festkvelden i Utgard laurdag med musikk etter Fel-Jakup.