Bokbad med intrigar, sex og brodermord

Olaug Nilssen og Helga Flatland er to av våre fremste forfattarar. Olaug fekk sitt store gjennombrot med romanen Få meg på for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og blitt ei viktig stemme for folk med funksjonshemming og familiane deira. For romanen Tung tids tale, der ho ope fortel om å vera mor til eit sterkt funksjonshemma barn, mottok ho Brageprisen i 2017.

Helga Flatland slo i 2010 gjennom med debutromanen Bli hvis du kan, reis hvis du må, fyrste boka i trilogien om fire ungdommar frå ei lita bygd som vervar seg og reiser til Afghanistan. Sidan har ho motteke fleire prisar for forfattarskapen sin og er ein av våre mest lesne forfattarar.

Med seg i bokbadet har damene Are Sende Osen, kjend frå duoen Are og Odin. Den populære podcasten hans om kongerekka kjem ut i bokform i haust. På Diktardagar blir det ei lita førlansering av boka. Vi kan love eit bokbad med intrigar, sex, brodermord, trolldom og blodige slag. Som alltid på Diktardagar er Magnhild Bruheim bademeister.