Hundreårsmarkering for Nobelprisen i litteratur til Knut Hamsun

10. desember 2020 var det 100 år sidan Knut Hamsun fekk tildelt Nobelprisen i litteratur i Stockholm. Knut Hamsun-laget i Lom hadde planer om å markere hendinga på hundreårsdagen, men koronaen sette ein stoppar for det. Nå prøver laget på nytt med markeringar 1. og 2. oktober:

Fredag 1. oktober i Utgard i Lom:

18:00 Opning av måleriutstilling av Wilhelm Bjertnes: Livsveven – lengt og lagnad, tematiske bilde til Markens grøde av Knut Hamsun

19:00 Hamsun-program i Kultursalen
Om hundrede år er allting glemt med Hanne og Synne Kjøk
Velkomen ved styreleiar i Knut Hamsun-laget Torstein K. Garmo
Helsing frå Lom kommune ved ordførar Bjarne Eiolf Holø
Song ved Reidar Svare
Knut Hamsun og kva han har betydd for forfattarar internasjonalt ved Torunn Kjøk
Lom juniorspelmannslag
Foredrag ved Edvard Hoem
Musikkinnslag med Bjørn Kåre og Mads Erik Odde
Leif Hamsun les nobeltalen til Knut Hamsun
Utdrag frå Markens grøde ved Endre Skjåk og Pål Svindland
Regine Hamsun les frå Sult
Inngang:
Vaksne 200 kr, skuleelevar 100 kr
Billettar

21:30 Festmiddag på Fossheim hotell. Trerettar og kaffe 500 kr
Billettar må kjøpast innan 25. september

Laurdag 2.oktober
Den planlagde vandringa på Hamsun’s gjengrodde stigar i Garmo er avlyst.

Arrangørar: Knut Hamsun-laget i Lom i samarbeid med Lom kommune og Diktardagar
Atterhald om endringar i programmet