Sponsorer

Takk òg til

Kongar og kristning med Are Sende Osen

I år er vi så heldige å ha med oss Are Sende Osen på Diktardagar. Are er kjend for dei fleste som halvparten av duoen Are og Odin. Saman med makkar Klaus Sonstad har han hatt ei rekke radio- og TV-program og karriere som musikkartist.

Kongerekka er Are Sende Osens nye populærvitskaplege podkast-serie. Her presenterer han den norske kongerekka bokstaveleg talt slag i slag frå Harald Hårfagre og framgjennom historia. Dette er Game of Thrones frå røynda: intrigar, sex, brodermord, trolldom og bakhaldsangrep. Are gjer det heile levande og presenterer historien med ein særeigen, humoristisk snert. I september kjem kongerekka ut i bokform, og er vi retteleg heldige, har han med seg den rykande ferske boka på Diktardagar.

Under Diktardagar deltek han på miniseminaret for elevar på ungdomssteget og på den vidaregåande skulen med føredraget Kongerekka – med eld og sverd. Laurdag opnar han litteraturseminaret i Utgard med Kongerekka. Game of Thrones fra virkeligheten, og laurdag kveld er han med på bokbadet saman med Olaug Nilssen, Helga Flatland og Magnhild Bruheim.

Harald Fenn: Markens grøde

HamsunFantasier. Utstilling Ullinsvin

I utstillinga HamsunFantasier møter vi 26 anerkjende kunstnarar, som har teke utgangspunkt i Knut Hamsun sitt fantastiske diktarunivers.

Hamsun loddar djupt og vidt i sine romanar og dikt. Det same speglar dei utvalde kunstnarane sine verk, som på ulike vis har utgangspunkt i, tangerer eller gjev assosiasjonar til Knut Hamsun si dikting.

Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur i 1920 for romanen Markens grøde og blir rekna blant det 20. århundre sine mest innflytelsesrike forfattarar.

Kunstnarane som deltek i HamsunFantasier viser stor variasjon i medium, uttrykk og formspråk. Dei har arbeida med måleri, grafikk, teikning, keramikk, glas, skulptur, tekstil og mixed media. Arbeida spenner frå lyriske naturskildringar i eit klassisk og abstrahert formspråk, til tristesse, svolt, glede, fødslar, smerte, romantikk og erotikk.

Utstillinga er open i heile sommar og til over Diktardagar.

Programmet for 2021 er klart

Vi er glade for å kunne presentere programmet for Diktardagar 2021. Du finn det under «Program» her på heimesida.

Temaet i år er historie, eventyr og segner.

Både Are Sende Osen, Helga Flatland, Olaug Nilssen, Ingar Sletten Kolloen, Magnhil Bruheim og Sigrun Slapgard skal vere med i årets program som byr på både erotikk, kongerekka og Game of Thrones, segner og historier frå Gudbrandsdalen, føredrag om både Ivar Kleiven og Edvard Grimstad, lokal rock ved Eldhug, noko rolegare musikk ved Sol i skuggeskog, eitt og hitt kring Fel-Jakup og program kring O.M. Høgåsen – for berre å nemne noko.

Billettsalet startar 15. august på diktardagar.no/2021

På grunn av koronapandemien er framleis mykje uklart når det gjeld kor mange vi kan sleppe inn på dei ulike arrangementa. Difor må vi ha førehandssal av billettar fram til 1. september til følgjande arrangement:

* Opningsprogrammet i Grindstugu

*  Diktardagarmiddagen på Fossheim

* Litteraturseminaret i Utgard

* Festkveld i Utgard

* Bokbad på Fossberg

* Sota Sæter

Billettsal frå 15. august

Billettane til Diktardagar vil bli lagt ut for sal 15. august. Billettsalet kjem noko seinare i gang enn til vanleg på grunn av at vi ynskjer å vite meir om kva slags smittevernomsyn vi må ta under årets festival.

Programmet til årets festival er i kjømda, så det er berre å fylgje med!

Litteraturseminar med Game of Thrones, erotikk og Ivar Kleiven

Programmet for litteraturseminaret under Diktardagar er klart, og vi gler oss til eit spennande program. Are Sende Osen skal prate om kongerekka under tittelen «Kongerekka: Game of Thrones fra virkeligheten». Magnhild Bruheim skal ta for seg korleis segner og historie frå Gudbrandsdalen har vorte nytta i litteraturen. Sigrun Slapgard vil prate kring temaet den historiske romanen med vekt på Kristin Lavransdatter frå Jørungard i Sel. Terje Kleiven skal kåsere om Ivar Kleiven som historikar, folkeopplysar og nybrotsmann. Jarnfrid Kjøk og Sigrid Bø skal avslutte seminaret på vågalt vis med erotiske motiv og biletbruk i eventyr, viser og stev frå Gudbrandsdalen.

Kongerekka: Game of Thrones fra verkelegheita!

Are Sende Osen er ein av dei som skal bidra under Diktardagar sitt seminar laurdag 4. september, og dette er noko vi verkeleg ser fram til! Sende Osen kjem til å fortelje elleville høgdepunkt frå Snorre sine Kongesagaer på underhaldande og uhøytideleg vis. Historia om dei gamle norske kongane har alt TV- serien Game of Thrones har: intriger, sex, brodermord, trolldom og store slag. Men ikkje riktig så mange drakar (viss ein ikkje reknar med dei fælslege vikingskipa med skumle drakehovud fremst). Du vil ikkje tru det, men alt du får høyre stemmer: korleis Eirik Blodøks fekk namnet sitt, kva for ein konge som hadde dei lekraste leggane og kor uheldig Olav Tryggvason var med damene, sjølv om han var ein rockestjerne av ein konge.

Foto: Michael Schult Ulriksen.

Diktardagar 2021 er i emning

Diktardagar 2021 blir arrangert 1000 år etter at Olav Digre reiste gjennom Gudbrandsdalen på si kristningsferd. Seinare vart han kjent som Heilag-Olav, og segna og forteljingane om da han vitja dalføret vårt er mange. Det er difor naturleg at dette blir eit sentralt tema for festivalen i 2021.

Are Sende Osen kjem til oss for å fortelje om dei gamle kristningskongane, det er vi sikre på at kjem til å bli eit høgdepunkt. Elles kan vi melde om at tre av våre fremste forfattarar også er venta til Diktardagar i 2021: Olaug Nilssen, Helga Flatland og Ingar Sletten Kolloen.

Fylg med på nettsida og facebook for å få oppdateringar om Diktardagar 2021.