Edvard Hoem gjestar Hamsun- og Nobel-jubileum i Lom

Det er 100 år sidan Knut Hamsun tok imot Nobelprisen i litteratur i Stockholm.  Lom kommune markerte 75-års jubileet i 1995, og det førde til at Knut Hamsun-laget vart skipa og seinare til det som nå er Diktardagar. Nå inviterer vi på nytt til feiring av den stor forfattaren, og denne gongen i samarbeid med…

Les mer

Mastergrad med Kjell Aukrust

Maren Sandbakk kjem til Diktardagar for å fortelje frå masteroppgåva si «No vert det spanande! Komikk og karneval i Flåklypa Tidende». Under seminaret i Utgard laurdag 5. september er dette eit av innslaga vi kan få med oss. Maren Sandbakk er opphaveleg frå Trysil, men bur i Telemark der ho arbeider som kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet…

Les mer

Sigmund Løvåsen om Kjell Aukrust

I oktober kjem Sigmund Løvåsen med biografi om Kjell Aukrust, og laurdag 5. september kan vi høyre Løvåsen prate om boka og Aukrust på Norgard Aukrust. Forlaget Cappelen Damm skriv dette om boka: «Sigmund Løvåsen forteller varmt og innsiktsfullt om multitalentet fra Alvdal i den første brede Aukrustbiografien. Det er beretningen om en skolesvak gutt…

Les mer

Skaff deg billettar før dei har floge bort

Hugs å skaffe deg billettar til dei spennande og innhaldsrike arrangementa under Diktardagar 2020. Det er eit avgrensa tal på billettar, og dei kan berre kjøpast via nettet i år. Gå inn på «Program og billettar» så kjem du rett vidare til billettkjøpet.

Les mer

Markens Grøde på Skultbakken

I år er det 100 år sidan Nobelprisen i litteratur gjekk til Knut Hamsun for romanen «Markens grøde». Under Diktardagar 2020 framfører Endre Skjåk og Pål Svindland ei musikalsk monologframføring av verket på Skultbakken i Vågå der farslekta til Knut Hamsun kom frå, sundag 6. september kl. 13.00.

Les mer

Jasså, døkk sit og glor

Fredag 4. september er Utgard arena for jubileumskveld for Kjell Aukrust. Varaordførar Marit Sletten vil opne Diktardagar 2020, Ove Røsbak vil fortelje og kåsere om Kjell Aukrust, Ole Foss vil småpludre om eigne opplevingar kring Aukrust sitt univers og Lom juniorspelmannslag spelar – Ein ekstra godbit er det at det blir det verdspremiere på Aukrust-teiknefilmane…

Les mer

Festkveld med stor F

Årets festkveld under Diktardagar blir ein kveld med det eine høgdepunktet etter det andre. Her blir det hiphop på dølamål frå Dåm, musikk og dikt frå Frikk Gjeilo, opplesing ved Lars Mytting, festtale ved Sigmund Løvåsen, opplesing frå «Unge røyster 2020» og song frå Fjelltite. I tillegg til alt dette blir Diktardagarprisen for 2020 delt…

Les mer

Ole Foss og Kjell Aukrust

Under jubileumskvelden for Kjell Aukrust er Ole Foss ein av dei som skal underhalde. Han vil etter eige utsegn småpludre litt om eigne opplevingar som kan stå litt i stil til Aukrust sitt univers. Ole fekk som ung gut augo opp for Kjell Aukrust sitt univers, og særleg gjennom Flåklypa Tidene-bøkene. Han hadde stor glede…

Les mer

Verdspremiere!

Fredag kveld vil vi ha ei eksklusiv verdspremiere i Utgard. Da skal nemleg fem teiknefilmar frå Aukrust sitt univers visast for aller fyrste gong. Dei fem korte filmane som vart laga på teiknefilmstudioet i Lom i 1993 til OL på Lillehammer er ukjende for dei aller fleste. På initiativ frå Olav G. Henriksen sette Kjell…

Les mer

Stjernelag på bokbadet

Det er duka for eit særs gildt bokbad under årets Diktardagar. Vår trufaste bademeister, Magnhild Bruheim, har med seg tre av våre fremste forfattarar, Lars Mytting, Sigmund Løvåsen og Rønnaug Kleiva. Vi får i år gjensyn med dalens store suksessforfattar, Lars Mytting. Sist han var med oss på Diktardagar, sat han med eit ferdig manus…

Les mer