Sponsorer

Takk òg til

Årets aktørar

Lars Mytting

Lars Mytting

Lars Mytting (frå Fåvang) debuterte med romanen Hestekrefter, og er seinare kjent for bøker som Hel ved og Svøm med dem som drukner. Romanane hans foregår på oppdikta stader i Gudbrandsdalen, det gjeld også boka Søsterklokkene frå 2018.

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen

Sigmund Løvåsen har skrive fleire romanar og skodespel. I fjor haust kom han med diktsamlinga Med øksene dei haustar inn.

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva

Rønnaug Kleiva (frå Vartdal på Sunnmøre) debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon. Ho har sidan gjeve ut 28 bøker i ulike sjangrar for vaksne og barn. Fleire av bøkene er omsette til andre språk.

Audhild Solberg

Audhild Solberg

Audhild Solberg er opphaveleg frå Sauland i Telemark, men bur i Oslo der ho har jobba i forlagsbransjen og som forfattar av barne- og ungdomsbøker gjennom ei årrekke.

Dåm

Dåm

Kjell Marius Snipen og Øystein Haugan er dei to aktørane i Dåm. Dei har gjennom fleire år utvikla eit eige og originalt uttrykk med røter i hip-hop, men med forgreningar ut i det ymse.

Damer i D-dur

Damer i D-dur

Damer i D-dur er ein sekstett frå Vågå og Lom som har sunge saman i eit tiår. Dei er ei acapellagruppe som leikar seg innanfor fleire sjangrar.

Frikk Gjeilo

Frikk Gjeilo

Frikk Gjeilo er ei ny lomsstjerne på stjernehimmelen. Han er låtskrivar og musikar, han er frå Lom og er fødd i 1989.

Hege Faust

Hege Faust

Hege Faust har sidan 2014 vore leiar i Hamsun-Selskapet. Ho har 28 års fartstid i skulen, og har hovudfag i nordisk litteratur på Hamsuns retorikk.

Hildegunn Hovde

Hildegunn Hovde

Hildegunn Hovde er utdanna klassisk songar, men er allsidig innanfor ei rekke ulike sjangrar.

Ivar Teigum

Ivar Teigum

Ivar Teigum er fødd i 1944 og er opphaveleg frå Skjåk. Han er lokalhistorikar som er utdanna lektor med faga engelsk, historie og idehistorie.

Maren Sandbakk

Maren Sandbakk

Maren Sandbakk er utdanna journalist og kulturvitar, masteroppgåva hennar har tittelen «No vert det spanande! Komikk og karneval i Flåklypa Tidende».

Ove Røsbak

Ove Røsbak

Ove Røsbak, (f. 1959-) debuterte i 1978 med «Lævandes dikt» og vart sett på som eit ungt geni i heimstaddiktingstradisjonen. Han har gjeve ut ni diktsamlinger, tre romanar, ei novellesamling, og ei gjendikting av den amerikanske diktaren Carl Sandburg.

Pål Svindland

Pål Svindland

Pål Svindland er ein multikunstnar, som er bur i Heidal. Han er han ein dyktig saksofonspelar og ikkje minst ein suveren gitarist. Han er mykje brukt som kordirigent i traktene, mellom anna for Skjåk songlag. Pål er kulturskulelærar i Sel kommune.

Endre Skjåk

Endre Skjåk

Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han har erfaring frå Kristinspelet på Sel, og Teater Innlandet. Endre står bak den musikalske reisa Vindsus i fjell under festkvelden i Utgard.

Ragnhild Kolden

Ragnhild Kolden

Ragnhild Kolden er fødd i 1956. Ho kjem frå Bøverdalen i Lom og bur for tida i Oslo. Ragnhild er universitetetsutdanna i faga filosofi, sosialantropologi, psykologi og kristendomskunnskap.

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho bur nå på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Magnhild har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom.