Sponsorer

Takk òg til

Diktardagar 2020 – Aukrust og Hamsun

Diktardagar 2020 blir arrangert torsdag 3. til sundag 6. september.

Under Diktardagar 2020 vil vi markere to viktige jubileum; at det 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd, og at det er 100 år sidan Knut Hamsun fekk Nobels litteraturpris for Markens Grøde.

På grunn av den pågåande pandemien vil Diktardagar 2020 bli ein noko mindre festival enn vanleg, men vi har likevel eit variert program med høg kvalitet. Det vil bli ulike forfattarbesøk på biblioteka både for unge og noko meir vaksne lesarar. Laurdag vil det seminar i Utgard der dei to 100-årsjubilea vil vere viktige. Det vil også bli kveldsarrangement fredag og laurdag der det blir lokal musikk, festtaler og underhaldning. Vi kan mellom anna by på musikk med Frikk Gjeilo, og med hiphop-gruppa Dåm frå Dovre, samt underhaldning med Ole Foss. Sigmund Løvåsen kjem, og han er klar med biografi om Kjell Aukrust til hausten. Lars Mytting vil vere med, og det same vil Ove Røsbak, Rønnaug Kleiva, Audhild Solberg og fleire andre. Sundag vil dessutan Markens grøde bli framførd av Endre Skjåk og Pål Svindland på Skultbakken.

Under «Program og billettar» finn du detaljert program. Billettar blir lagt ut for sal 15. august.

Aslaug Høydal 100 år i 2016

Aslaug Høydal 1956Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Einar Gotehus skriv i samandraget i si hovudoppgåve om Aslaug Høydal: «All diktinga hennar munnar ut i eit forsvar for dei veike og verjelause». Dette er kjernen i livsverket hennar. Alt ber i seg målet at det gode i menneska må få rå i samfunnet.

Den litterære produksjonen hennar er svært omfattande, meir enn 50 bøker i løpet av ein femtiårsperiode. Forfattarskapen omfattar romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar.

Medkjensle for dei svake i samfunnet pregar mange av bøkene til Aslaug. Ho har alltid hatt omtanke for dei små. Barna. Taparane. Dei nedtrykte. Ho var oppteken av fredsarbeid, fråhaldsarbeid, ungdomsarbeide, nei til EU og for palestinarane si sak i Midt-Austen.

Eg føler at eg har så mykje ugjort. Det er så mange ungdomar som ikkje finn meining med livet. Taparar blir det stadig fleire av. Fleire enn nokon gong. Hadde vi enda vist meir medkjensle for dei….
Aslaug Høydal

Les meir om Aslaug Høydal og program for jubileumsåret på heimesida «Aslaug Høydal 100 år».

Haugtussa

Ane Dahl Torp frå Haugtussa. Foto: Det Norske Teatret

Ane Dahl Torp frå Haugtussa.
Foto: Det Norske Teatret

Vi er svært stolte og glade for å kunne opne Diktardagar 2015 med Ane Dahl Torp og trompetist Sjur Miljeteig si tolking av Arne Garborgs Haugtussa. Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur. Veslemøy har fascinert kunstnarar i over hundre år. Mellom tidlegare kunstnarar som har late seg inspirere er Edvard Grieg, Håkon Bleken og Ketil Bjørnstad. I løpet av framsyninga møter Veslemøy daudingar og underjordiske, vonde krefter både i og utanfor seg sjølv. Og ho møter kjærleiken for første gong – og den store smerta. Men i berget lokkar Bergekongen, som lovar henne alt godt.

Ane Dahl Torp og musikarmannnen Sjur Miljeteig har laga ei rocka utgåve av Haugtussa. Ein liten smakebit på framsyninga får de her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/haugtussa/

Vi gler oss til å bli bergtekne i Vågå fredag kveld. Velkomne skal de vera!

Seminar

Anna Kleiva og Mari Skeie Ljones

Anna Kleiva og Mari Skeie Ljones
Foto: Ingvil Skeie Ljones

Lyrikk og musikk står sentralt under årets Diktardagar. Diktet blir vise – frå tekst til tone er overordna tema for litteraturseminaret. Lyrikar Anna Kleiva frå Vinstra og felespelar Mari Skeie Ljones frå Lillehammer, opnar seminaret med eit musikalsk og lyrisk møte mellom diktar og musikar. Ola E. Bø, dramaturg og språkrettleiar ved Det Norske Teatret, held innlegget Frå syngjespel til teater, der han tek for seg utviklinga av musikalsjangeren og arbeidet sitt med omsetjingar og oppsettingar av utanlandske musikalar på Det Norske Teatret.

Folkemusikar Kirsten Bråten Berg vil fortelja om samarbeidet sitt med tekstforfattarar og musikarar frå andre sjangrar. Ho har med seg musikarane Lars Bremnes og Georg Buljo som vil bidra med musikalske innslag på seminaret. Stein Versto, forfattar og folkemusikar, held foredraget Frå paddington Station til Frøken Frantzen – låtskriving sett frå einforfattar sin ståstad. Her kjem han blant anna inn på samarbeidet sitt med Odd Nordstoga. Ungane som har vore med på kvedarkurs i regi av Norsk kvedarforum rundar av den musikalske delen av seminaret.

Knut Olav Åmås Foto: snl.no

Knut Olav Åmås Foto: snl.no

Knut Olav Åmås, direktør i Fritt ord, avsluttar med foredraget Dei farlege ytringane. Der tek han opp det aktuelle sprøsmålet om ytringsfridommen er sett under press.

Vi ser fram til eit interessant og innhaldsrikt seminar i ord og tonar. Vel møtt!

Ruth Lillegraven. Foto: Astrid Borchgrevink Lund

Ruth Lillegraven

Ruth Lillegraven. Foto: Astrid Borchgrevink Lund

Ruth Lillegraven. Foto: Astrid Borchgrevink Lund

Ruth Lillegraven blir ein sentral aktør under årets Diktardagar og som den einaste, skal ho opptre i alle tre bygdene. Ruth er forfattar frå Granvin i Hardanger og bur nå i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005. For diktsamlinga Urd fekk ho Brageprisen i 2013. Ho skriv òg for barn, og i 2011 kom romanen Mellom oss.

Ho startar opp på Bokhandelen kafé i Vågå laurdag kl. 12.00 med Litterær lunsj og opplesing frå bøkene sine. Klokka 14.00 er ho på Litterær lunsj på Skafferiet Garn og Kaffe i Skjåk. Om kvelden deltek ho på Festkvelden og på Bokbadet med opplesing og samtale om den nyaste boka, Manilahallen.

11948260_10153472970215071_877271219_nSundag kveld rundar vi av Diktardagar med Urd i Utgard. Bygdekvinnelaga i Lom og Skjåk har laga utstilling med gamle, forseggjorde og verdfulle husflidsprodukt frå bygdene våre. Ruth vil lesa frå Urd og samtale med Rita Mundal om boka. Bygdekvinnene står for trakteringa.

Ruth skriv ikkje berre vakre dikt, ho er òg ein framifrå formidlar. Vi er svært glade for å ha ho med oss på Diktardagar, og ser fram til at fleire skal få kjennskap til forfattarskapen og få oppleva ho i levande live i Ottadalsbygdene.

Dagfinn Nordbø og Det Norske Poesi & Satireorkester

DagfinnDagfinn Nordbø og Det Norske Poesi & Satireorkester er noko så sjeldan som eit jazz- og humororkester med norske tekstar og originalmusikk. Satirikaren Dagfinn Nordbø som står for opplesing og song, har med seg musikarane Vigleik Storaas på piano og Gaute Storaas på kontrabass.

Dagfinn har over 20 år med fartstid frå den norske humorscenen blant anna som tekstforfattar i Hallo i ukenHan har også skrive tekstar for ei rekkje av dei beste norske komikarane. Nordbø framfører sitt eige materiale til originalmusikk. Med seg har han dei to prisløna jazzmusikarane Vigleik og Gaute Storaas. Dagfinn Nordbø og Det Norske Poesi & Satireorkester har besøkt mange av dei store festivalane dei siste tre åra, blant anna Maijazz, Poesifestivalen i Ulvik, Oslo Jazzfestival og Norsk Litteraturfestival på Lillehammer.

Under Diktardagar opptrer dei laurdag med Lunsj og lyrikk, ein minikonsert på uteserveringa på Bakeriet i Lom kl. 14.00. Her er det gratis inngang. Lunsjen får de kjøpt på Bakeriet. Det kan vera lurt å vera ute i god tid, for her er det lange køar i helgene.

Laurdag kveld blir det pubkveld med jazza humor og topp stemning på Nordalsfjoset pub i Lom frå kl. 22.00. Kom! Kom!

Tor Jonsson-foredrag

inge eLaurdag held Inge Eidsvåg årets Tor Jonsson-foredrag ved Tor Jonsson-stugu. Tittelen på foredraget er Tor Jonsson og Alf Prøysen – den vanskelege samanlikninga. Inge Eidsvåg er forfattar og foredragshaldar, mangeårig lektor og seinare rektor ved Nansenskulen på Lillehammer. Han er kjend for sitt arbeid for demokrati, menneskerettar og fredeleg konfliktløysing på Balkan. Tor Jonsson-foredraget har blitt ein tradisjon under Diktardagar. Andreas Hompland, Svein Ottesen, Håvard Teigen, Gard Espeland og Egil Ulateig er blant dei som har halde foredrag ved Stusslegstugu. Neste år er det Tor Jonsson-jubileum, noko som kjem til å sette sitt klare preg på Diktardagar 2016.

Festkveld

Plakat festkveld

Georg Buljo, Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes.

Det ligg an til ein framifrå festkveld i Utgard laurdag. Våre utmerka musikarar i Rimrose, Aslak Opsahl Brimi, Hildegunn Hovde, Ole Jonny Bekkemellem og Geir Thorud, opnar kvelden med tonesette dikt av lokale lyrikarar.  Vi er også så heldige å ha direktøren i Fritt ord, Knut Olav Åmås, med oss. Han skal halde festtala denne kvelden.

Vidare blir det utdeling av Diktardagarprisen 2015. Anna Kleiva, Mari Skeie Ljones og Ruth Lillegraven bidreg med lyrikk og feletonar, Stein VerstoNorsk kvedarforum og elevar frå musikk- og kulturskulane i dei tre bygdene deltek. Det blir folkedans med Ottar Birting før Kirsten Bråten Berg, Lars Bremnes og Georg Buljo avsluttar med ein halvtimes konsert. Vi håpar på fullsett festsal på denne festaftanen! Vel møtt!

Bokbad

Bokbad

F.v. Anna Kleiva, Ingar Sletten Kolloen, Ruth Lillegraven.

I år som i fjor har vi med to lokale forfattarar på bokbadet. Anna Kleiva frå Vinstra debuterte i 2011 med diktsamlinga Ti liknande versjonar. I fjor kom den kritiarroste Vårar seinare, omtala som ein «elegi for unge mennesker som dør i bilulykker». For denne boka fekk ho Natt & Dags Oslopris Årets bok 2014. Ho kjem til Diktardagar rett frå Bjørnsonfestivalen i Molde der ho har fått årets Bjørnsonstipend.

Vi har også med ein annan Frons-forfattar på bokbadet. Ingar Sletten Kolloen frå Kvam kjem med ny roman i haust, Den tomme plassen i vitrineskapet. Sletten Kolloen har tidlegare skrive biografiar om to av forfattarar våre, Tor Jonsson og Knut Hamsun, i tillegg til fleire biografiar, drama og ein roman. På bokbadet vil han gje oss smakebitar frå den nye romanen som kjem ut seinare i haust.

Ruth Lillegraven kom i fjor ut med boka Manilahallen. Manilahallen er boka om Birgit. Som 33-åring blir ho innlagd på Modum bad, med ei kroppsvekt på berre 38 kilo. Birgit, fødd i 1946, gledesbarnet, gutejenta, ho som elskar dyr og skog, bøker og musikk. Korleis blei livet hennar slik? Dette er biografien om Birgit skrive på dikt som Ruth formidlar på ein framifrå måte.

Som vanleg stiller vår trufaste og dyktige bademeister Magnhild Bruheim opp og vil leie samtala med forfattarane. Velkomne til bokbad på Fossberg laurdag kl. 20.30!

Seterkonsert på Billingen

Sol i skuggeskogSundag blir det vandring på Diktarstigen på Billingen i Skjåk med kaffi, biteti og seterkonsert med Sol i skuggeskog etterpå. Bandet Sol i skuggeskog såg dagens ljos i Oppdal i 2010 og består av musikarane Ingrid Lian-Bjørgum,
Øyvind Sandum og Einar Lian-Bjørgum. Bandnamnet og tekstane er henta frå ei diktsamling av Skjåk-diktaren Finn Sandum. Bandet kler opp lyrikken med ein varm og klår vokal og eit leikent og lett akkompagnement av gitar, trekkspel, fele, kontrabass og perkusjon. Ta turen til fjells sundag og få med deg ein seterkonsert i Bruheim og Ørjasæter sitt rike!

Urd

11948260_10153472970215071_877271219_nSundag kveld avrundar vi Diktardagar på beste vis med Ruth Lillegraven og Urd. Ruth skreiv boka Urd i 2013. Dette er forteljinga om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman, om tida som renn gjennom landskapet og menneska, om barn som blir fødde og døden som vitjar. Det er ei nydeleg fortalt historie skrive i diktform som Ruth Lillegraven fekk Brageprisen for. Det er Bygdekvinnelaga i Lom og Skjåk som står for dette arrangementet. Dei har laga utstilling av gamle handarbeidsskattar og står for traketeringa denne kvelden. Ruth Lillegraven vil samtale med Rita Mundal og lesa frå boka. Ruth er ein fraimfrå formidlar! Vi trur dette vil bli ei var og verdig avslutning av Diktardagar 2015.