Bokbad

Laurdag kveld blir det tradisjonen tru, bokbad på Fossberg. I år deltek Magnus Takvam med boka om mora, lyrikaren Marie Takvam, Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam. Meir sjølvbiografisk blir det når Hilde Kvalvaag presenterer boka Djuphavsslettene, ein sjølvbiografisk roman om sonen sitt sjølvmord. Tredjemann på laget er Hans Olav Lahlum som har med seg sin rykande ferske kriminalroman, Søskenmysteriene. Dette er den tiande boka i rekka om etterforskaren K2 og medhjelparen hans, Patricia. Publikum på Diktardagar blir dei fyrste til å høyre historien om eit intens familiedrama der ei drapssak frå 1963 og ei forsvinningssak frå 1939 står sentralt. Vår faste bademeister, Magnhild Bruheim, leiar samtalen. Det blir boksal og signering. Vel møtt!

Billettar: https://diktardagar.no/events/bokbad-4/