Sponsorer

Takk òg til

Diktardagar 2020 – Aukrust og Hamsun

Diktardagar 2020 blir arrangert torsdag 3. til sundag 6. september.

Under Diktardagar 2020 vil vi markere to viktige jubileum; at det 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd, og at det er 100 år sidan Knut Hamsun fekk Nobels litteraturpris for Markens Grøde.

På grunn av den pågåande pandemien vil Diktardagar 2020 bli ein noko mindre festival enn vanleg, men vi har likevel eit variert program med høg kvalitet. Det vil bli ulike forfattarbesøk på biblioteka både for unge og noko meir vaksne lesarar. Laurdag vil det seminar i Utgard der dei to 100-årsjubilea vil vere viktige. Det vil også bli kveldsarrangement fredag og laurdag der det blir lokal musikk, festtaler og underhaldning. Vi kan mellom anna by på musikk med Frikk Gjeilo, og med hiphop-gruppa Dåm frå Dovre, samt underhaldning med Ole Foss. Sigmund Løvåsen kjem, og han er klar med biografi om Kjell Aukrust til hausten. Lars Mytting vil vere med, og det same vil Ove Røsbak, Rønnaug Kleiva, Audhild Solberg og fleire andre. Sundag vil dessutan Markens grøde bli framførd av Endre Skjåk og Pål Svindland på Skultbakken.

Under «Program og billettar» finn du detaljert program. Billettar blir lagt ut for sal 15. august.

Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap

Til fjells! 

I dag søkjer vi til fjells som aldri før, unge som gamle. Det same har vismenn, diktarar og kunstnarar gjort i uminnelege tider. Holberg, Wergeland, Ibsen , Grieg, – alle har dei hatt sterke opplevingar og høyrd sterke historier på veg over Sognefjellet. Kva er det med fjellet? Dette vil vi prøve å kaste ljos over på Diktardagar 2019, gjennom litteratur, musikk og foredrag. Seminaret har tittelen «Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap.» Vi er glade og stolte over å samarbeide med mange dyktige vertskap på eineståande arenaer i Lom, Skjåk og Vågå. Ikkje minst er vi glade for å presentere mange lokale utøvarar på høgt nivå med mykje du aldri har høyrt eller sett før. Eller du kan bokbade med fleire av våre fremste forfattarar, eller gå på kveldskonsert med Stein Torleif Bjella. 

Velkomen til Diktardagar, til inspirasjon frå fjellet! 

Billettsalet startar 1. juli.

Barn i lokal songarv

Prosjektet Barn i lokal songarv vil også i år vera med i Diktardagar. Fredag 31. august vil det vera «Diktardagarkonsertar» på skulane i Lom, Skjåk og Vågå. I tillegg blir det konsert fore bebuarane på Skjåkheimen, Vågåheimen og Helseheimen i Lom. Som tidlegare år, vil ei lita gruppe opne festkvelden i Utgard med å synge nokre lokale småstubbar.
Tiltaket starta som eit samarbeidsprosjekt mellom Diktardagar og Kvedargruppa Lom-Skjåk-Vågå for Norsk Kvedarforum i 2015/2016, og omfattar nå barn frå barnehage til fyrste året på ungdomsskulen. Prosjektet er finansiert av Norsk Kulturråd, Oppland Fylkeskommune – Kriblemidlar, Rådet for folkemusikk og folkedans, G-kultur, Lom kommune, Skjåk kommune og Sparebank 1 Lom og Skjåk. Frå 2019 er det Spelmannslaga i Lom, Skjåk og Vågå som overtek ansvaret for føre vidare Basrn i lokal songarv.

Sigrid Moldestad til Diktardagar

Foto: Øystein Haara

Songaren og felespelaren Sigrid Moldestad gjestar Diktardagar att i 2018. Saman med andre musikarar skal ho ha konsert på festkvelden i Utgard i Lom laurdag 1. september. Moldestad var også med i 2014, da opna ho Diktardagar med konsert i Skjåk kyrkje. Same året gav ho ut «Brevet til kjærleiken», med tekstar av Jan-Magnus Bruheim, ei plate som hausta svært mange lovord og gode kritikkar. 

Mellom anna skreiv VG:

På selveste Valentindagen slipper denne erfarne og allsidige folkemusikeren sin fjerde utgivelse, med ny musikk til dikt av Jan Magnus Bruheim i anledning dikterens hundreårsjubileum.

Tekstene er sterke, og favner kjærlighetens mange nyanser fra ungdommelig lengsel til alderdommens ettertanke.

Og Moldestads musikk er simpelthen nydelig, det samme gjelder produksjonen. Hun synger med en moden, overbevisende klarhet. Musikere som Kato Ådland, Sigbjørn Apeland, Kåre Oppheim og Anders Røine rammer hennes sang og felespill inn i et samtidsuttrykk med elementer av norsk, keltisk og nordamerikansk folkemusikk.

«Brevet til kjærleiken» trumfer både konfekt, smykker og roser i dag.

I 2017 feira ho ti-årsjubileum som artist med plata «Vere her», der hennar eigne tekstar får stor plass. Om denne plata skriv folkemusikk.no:

Moldestad har nå gjeve ut si soloplate nummer fem, og har hoppa rett i armane på kjernepublikummet sitt med det eg meiner er den beste plata ho har gjeve ut til nå. Mykje av grunnen til det er eit ljodbilete som er nær perfekt, ypparleg produsert av Yngve Leidulv Sætre. Han har fylgt den gode oppskrifta på korleis ein produserer popmusikk i dag, og lagt til ein dæsj av det særpreget som passar songen til Moldestad som hand i heimestrikka selbuvott.

Songen er nær og god, ikkje påtrengande, men meir som ei trygg samtalepartnar og ei god ven. Moldestad skrik ikkje ut songane, nei, ho tillèt seg å vere nær og personleg. Av og til gløymer du at ho syng og det verkar heller som ho snakkar venleg til deg, og ber deg fylgje med.

I august har Moldestad også konsert i Botnane i Bremanger kommune, i samband med opninga av ein ny diktarstig med tekstar av Jan-Magnus Bruheim.

 

Program for Diktardagar 2018

Hovudtema for Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne litteraturen så viktig? Korleis formidle og nå ut til målgruppene?

Diktardagar 2018 skal både formidle litteraturen til barn og unge og dra barn og unge aktivt med som deltakarar i programinnslag. Her samarbeider vi med kulturskolane i kommunane.

Sidan det i 2018 er 200-jubileum for Aasmund Olavsson Vinje, vil vi også markere det, mellom anna med ein Vinje-kveld. Vinje var fleire somrar i våre traktar, særleg som ivrig fjellvandrar i Jotunheimen.

På programmet står elles:

Barnebokforfattar Arnfinn Kolerud vitjar klassar i Skjåk, Lom og Vågå

Bibliotekarrangement med program for barn i barnehagar.

Kurs i kreativ skriving for ungdomsskuleelevar

Vandring i fotspora til Aasmund O. Vinje i Vågå

Visning av NRK-programmet Vinje i Jotunheimen

Vinjekveld med Aasmund Nordstoga

Foredrag om Tor Jonsson og Aa. O. Vinje

Festkveld i Utgard med mellom andre Maria Parr og Sigrid Moldestad

Program med elevar frå kulturskulane

Lansering av «Barnedikt i utval» av Jan-Magnus Bruheim

Tea Kummen-arrangement

Pubkveld med Aasmund Nordstoga

Diktarmiddag på Fossheim

Utstilling av barne- og ungdomsbøker

Sjå heile programmet:

Torsdag 30. og fredag 31. august:

Barnebokforfattar Arnfinn Kolerud vitjar klassar i Vågå, Lom, Skjåk.

Bibliotekarrangement med program for barnehagar.

Opplesing på helseheimar

Torsdag 30. august:

Kl 16.30 Vågå: Vandring i fotspora til Aa. O. Vinje.

Frammøte på Halland i Vågåmo. Turen går til Jettsetra, der det blir servering og orientering. Om lag ein time å gå i kvar retning, ta gjerne med lykt for heimturen. Turleiar er Ola Grøsland. Gratis.

Vinje 200 år, DNT 150 år. Arrangert i samarbeid med Mållaget Ivar Kleiven og Turlaget i Vågå.

Kl 19.00 Friviljugsentralen i Vågå, biblioteket i Skjåk, biblioteket i Lom. Framsyning av NRK-programmet «Vinje i Jotunheimen» frå 1968.  Gratis.

Fredag 31. august:

Kl 11.00-13.00 Utgard: Kurs i kreativ skriving

Miniseminar for ungdomsskoleelevar (for påmelde i Skjåk, Lom og Vågå)

Ved Kjersti Wold

Kl. 11.30 Skjåk barneskule: Lansering av J-M Bruheim: Barnedikt i utval. (Samlaget) For ungar i småskulen og for pressa.

Kl. 19.00 Marlo grendahus: Opningsframsyning. Vinje-kveld

Konsert med Aasmund Nordstoga

Utdrag frå NRK-programmet «Vinje i Jotunheimen» frå 1968 vist på skjerm.

Opplesing. Opning av Diktardagar 2018 ved ordførar i Skjåk, Elias Sperstad.

Programvert Håvard Grjotheim. Inngang kr 250/150

Kl 21.00: Fossheim: Diktarmiddag, 3 rettar med programinnslag.

Inngang kr 480, påmelding innan 25. august.

Kl 22.30: Pubkveld på Brimibue med Aasmund Nordstoga

Inngang kr 200

Laurdag 1. september:

Forfattar les frå boka si på bibliotek, Vågå, Lom, Skjåk

Kl 0900-15.15 i Utgard: Seminar Barne- og ungdomslitteratur.

– Korleis formidle barne- og ungdomslitteratur på god måte? Forsking. Kristin Ørjasæter, direktør ved Norsk barnebokinstitutt

– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen. Brynjulf Jung Tjønn, redaktør Samlaget, tidlegare rådsmedlem i NBU

– Å skrive for barn. Diktaruniverset mitt. Maria Parr

– Samtale/spørsmål

– Å bruke barnedikt i undervisninga v/Hildegunn Solberg Nes

– Kreativ skriving – inspirasjon for å fremje skrive- og leselyst hos elevane, v/Kjersti Wold

Seminarleiar Magnhild Bruheim

Pris for heile programmet kr 600 (inkludert mat), kr 150 for enkeltforedrag, kr 200 for kurs i kreativ skriving, dugurd kr 150

Kl 16.00: Tor Jonsson-stugu: Ottar Grepstad om Journalistane Tor Jonsson og Aa. O. Vinje på kritisk avstand.  Inngang kr 50

Kl 19.00: Utgard: Festkveld

Barn/ungdommar framfører dikt og andre innslag – samarbeid med kulturskolane i Skjåk, Lom og Vågå.

Maria Parr les frå boka Bragevinnaren Keeperen og havet

Festtale ved Håvard Grjotheim.

Utdeling av Diktardagarpris

Konsert med Sigrid Moldestad

Inngang kr 300/150

Kl 21.00: Fossberg: Bokbad med Maria Parr og Brynjulf Jung Tjønn

Inngang kr 200

Søndag 2. september:

Kl 13.00 Marlo skule: Barnebokforfattaren Tea Kummen frå Skjåk. 125 år sidan ho vart fødd (1893).

Opplesing og orientering om mennesket og forfattarskapen ved Endre Skjåk og Hans Hosar. Samtale med folk som kjende henne: Gulla Kummen, Anna Grande Melhus, Gudrun Skjaak og Hans Brandsarbakken. Samtaleleiar: Magnhild Bruheim.

Servering. Inngang kr 100.

Utstilling i Utgard og på biblioteka under Diktardagar:

Barnebøker – lokale og andre utvalde

Festivalpass kr 1000 (gjeld alle arrangement utanom Diktarmiddagen på Fossheim)

 

 

Bilde av boken Keeperen og havet av Maria Parr

Seminar: Barnelitteratur

Kvifor er barne- og ungdomslitteraturen så viktig? Korleis formidle litteratur, leselyst og skriveglede for barn og unge?

Hovudtemaet på Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur. Det blir også temaet på seminaret laurdag 1. september. I år er seminaret retta særskilt inn mot dei som formidlar litteratur for barn og unge, det vil seia lærarar og bibliotekarar. Seminaret kan vera nyttig og inspirerande også for andre.

Set av denne første laurdagen i september til å få fagleg påfyll, bli betre kjent med forfattarskapen til Maria Parr og til å la deg inspirere av kurs i kreativ skriving.

Frist for påmelding: 15. august.

Her er heile programmet for seminaret:

Laurdag 1. september 09.00 – 15.15

Samfunnshuset Utgard i Lom

Hovudtema for Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne litteraturen så viktig? Korleis formidle og nå ut til barn og unge med litteraturen? Korleis fremje leselyst og skriveglede hos elevane? 

Program:

09.00 – 0910:   Kaffi

09.10 – 09.20:  Opplesing – inspirasjon

09.20 -10.00:  Korleis formidle litteratur til barn og unge?  

Om erfaringar frå forskingsprosjektet «Litteratur, litteraturformidling og kunstopplevelse» v/Kristin Ørjasæter, direktør ved Norsk barnebokinstitutt

10.00 – 10.45: Nyare nynorsk barne- og ungdomslitteratur – kva har vi?

v/Brynjulf Jung Tjønn, redaktør Samlaget, medlem i NBUs litterære råd 2014-2017

10.45 – 11.00:  Pause med kaffi

11.00 – 11.45: Å skrive for barn. Diktaruniverset mitt v/forfattar Maria Parr

11.45 – 12.15: Bruk av barnedikt i undervisning

v/Hildegunn Solberg Nes (redaktør Barnedikt i utval av J-M Bruheim)

12.15 – 13.15 Dugurd

13.15 – 15.00: Kreativ skriving – korleis inspirere til skriveglede hos elevane?

v/Kjersti Wold, forfattar og skrivepedagog. Ho har mellom anna skrive fagbøker om skapande skriving og kursbok for skrivelystne.

15.00 – 15.15: Oppsummering og ordskifte

Foredraga er på 30 minutt, det er sett av tid til spørsmål og innlegg undervegs.

Seminaravgift kr 600, inkludert dugurd.

Enkeltforedrag kr 150, kurs i kreativ skriving (1 ½ time) kr 200.

Dugurd kr 150.

 

Diktardagar med Vinje-kveld

Aasmund O. Vinje og namnebroren Aasmund Nordstoga er hovudpersonar på Vinjekvelden i Marlo grendahus under Diktardagar 2018.

I år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aa. O. Vinje vart fødd. Diktardagar 2018 markerer det mellom anna med ein Vinje-kveld fredag 31. august, der vi får konsert med Aasmund Nordstoga. I tillegg blir det diktopplesing, vi viser eit lite utdrag frå fjernsynsprogrammet «Med Vinje i Jotunheimen» frå 1968, og det blir offisiell opning av Diktardagar ved ordførar i Skjåk, Elias Sperstad.

Aasmund Nordstoga vaks sjølv opp og bur i dag på den garden der Aa. O. Vinje hadde sine barneår, og der Vinjestoga står den dag i dag. Nordstoga har naturleg nok funne inspirasjon i songane til Vinje, på plata «Guten» er alle tekstane av Vinje, medan melodiane er både gamle tonar komponert av Grieg og nye tonar komponert av Odd Nordstoga og Jørund Fluge Samuelsen.

 

Maria Parr til Diktardagar

Barnebokforfattar og to gonger Brageprisvinnar Maria Parr kjem til Diktardagar 2018.

Maria Parr frå Fiskå i Vanylven i Møre og Romsdal debuterte i 2005 med barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og vart grunnlag for tv-serien Vaffelhjarte. Den andre boka hennar, Tonje Glimmerdal, kom ut i 2009, boka vann både Brageprisen og fleire andre prisar. Den tredje boka kom i 2017, Keeperen og havet, det er eit framhald av historia om Lena og Trille/Lars frå Vaffelhjarte. Også den boka vart premiert med Brageprisen.

Under Diktardagar (30. august til 2. september) skal Maria Parr delta på seminaret «Barnelitteratur» laurdag, der skal ho fortelja om diktaruniverset sitt og om det å skrive for barn. Same dag skal ho lesa frå Keeperen og havet på Festkvelden i Utgard, før ho skal delta på bokbadet som ein av tre forfattarar.

 

Diktardagar er i gang!

Wilhelm BjertnesAina Basso dro i gang Diktardagar 2017 på Vågå ungdomsskule i dag. Ho presenterte årets tema «Markens grøde» og forfattaren Knut Hamsun på ein kunnskapsrik og inspirerande måte. I morgon får elevane på ungdomsskulane i Lom og Skjåk besøk av forfattaren.

I ettermiddag kl. 18.00 opnar Wilhelm Bjertnes måleriutstillinga «Livsveven – lengt og lagnad», ei utstilling som er knytt til Knut Hamsun og «Markens grøde», Tor Jonsson, Vera Henriksen og Hans W. Brimi.  Utstillinga er eit samarbeid mellom kunstnaren og Diktardagar, og i ettermiddag fortel Wilhelm meir om bilda og korleis utstillinga kom til. Utstillinga blir ståande i Utgard til 10. september.

Og på Skjåk folkebibliotek blir det stumfilm kl. 19.30, «Markens grøde» frå 1921. Sundag blir filmen sendt i Vågå

Vel møtt!

Frist for påmelding 25. aug. Diktardagarmiddag og Vera Henriksen-utflukt

25. august kl. 16.00 er frist for påmelding til Diktardagarmiddagen på Fossheim fredag og utflukta i Vera Henriksens og Bent Jonssons rike i Bøverdalen sundag.

Diktardagarmiddag
Vera Henriksen-utflukt

 

Bokbad og opplesingar

I år blir det opplesingar på kaféar i alle tre kommunane under Diktardagar. Ragnhild Kolden blir å treffe både i Lom, Skjåk og Vågå der ho les og pratar om den nye boka, «Det gode vi ikkje gjer». Jens M. Johansson skal ha opplesing og samtale med Rita Mundal på Bakeriet i Lom laurdag. Han blir også å treffe på Litterær lunsj på Lom folkebibliotek kl. 13.00 fredag, der det blir kaffi, kringle og bokprat med bibliotekarane i høve Nasjonal bibliotekdag. Dette er eit arrangement i regi av Lom folkebibliotek.

På Bokbadet er kvinnedominansen stor i år. Bademeister Bruheim skal skrubbe laus på tre kvinnelege forfattarar. Therese Tungen frå Kvam i Gudbrandsdalen har i år debutert med novellesamlinga «Ein gong var dei ulvar» som ho har fått svært gode skussmål for. Med seg har ho Selma Lønning Aarø som i fjor kom ut med boka «Hennes løgnaktige ytre. En roman om Anna Munch». Anna Munch var sjølv forfattar og besett av kollegaen som er årets Diktardagarforfattar, Knut Hamsun. Aina Basso er tredje kvinne på laget. Basso har skrive fleire historiske romanar både for ungdommar og vaksne, og deltek også på Diktardagar med eit eige opplegg om «Markens grøde» for elevane på ungdomsskulane. Det blir boksal og signering på Bokbadet og på opplesingane.