Sponsorer

Takk òg til

Beklager, vi fant ingen innlegg. Vennligst prøv et annet søk.

Stjernelag på bokbadet

Det er duka for eit særs gildt bokbad under årets Diktardagar. Vår trufaste bademeister, Magnhild Bruheim, har med seg tre av våre fremste forfattarar, Lars Mytting, Sigmund Løvåsen og Rønnaug Kleiva. Vi får i år gjensyn med dalens store suksessforfattar, Lars Mytting. Sist han var med oss på Diktardagar, sat han med eit ferdig manus til ei bok om det sære emnet ved som han hadde lite tru på ville nå ut til eit stort publikum. Vi veit alle at her tok han skammeleg feil. Etter suksessen med vedboka, har Lars kome med to nye bestseljarar, «Svøm med dem som drukner» og «Søsterklokkene». I «Søsterklokkene» er handlinga lagt til Gudbrandsdalen på slutten av 1800-talet. Sentralt i boka står eit par særeigne kyrkjeklokker og den 19 år gamle Astrid Hekne som er tenestejente hjå presten. «Søsterklokkene» er fyrste roman i ein trilogi, og mange lesarar ventar spent på neste bok «Hekneveven» som kjem 2. oktober

Vi gler oss også over å ynskje Sigmund Løvåsen velkomen attende til Diktardagar. Han var med oss i fjor og kjem att i år med ein rykande fersk biografi om Kjell Aukrust. Grunna 100-årsjubiléet for Kjell Aukrust, blir Sigmund svært sentral under årets festival. Han skal ha opplesing på biblioteket i Vågå, halde føredrag om Kjell Aukrust på Nordgard Aukrust, halde festtale på festkvelden og delta på bokbadet.

Med seg har karane ein av nestorane innan norsk og nynorsk dikting. Rønnaug Kleiva har gjeve ut i alt 29 bøker i ulike sjangrar, for både ungar og vaksne. Bøkene hennar er omsette til ei rekkje språk, og ho er representert med tekster i fleire antologiar og norskverk for ungdomsskule og vidaregåande skule. Det er ei stor ære for oss å ynskje Rønnaug Kleiva velkomen til årets Diktardagar.

A. Audhild Solberg vitjar 6. klassingane

A. Audhild Solberg er ein forfattar mange born og ungdommar har lese bøker av. Ho har mellom anna skrive serien om superbitchene, og i 2019 kom ho med spenningaboka «Harpa» som fekk ARK sin barnebokpris. «Harpa» er ei skikkeleg spennande bok frå ei bygd der det nesten berre er skog, det er visstnok ikkje så mykje som ei elv der, og likevel heiter bygda Elverdal. Agnes tykkjer det er kjedeleg at ho må reise dit i haustferien, men så byrjar det å skje grufulle ting rundt om i skogen. Ferien blir alt anna enn kjedeleg… 6. klassingane kan gle seg på det som nok blir eit spennande besøk under Diktardagar!

Musikk og dikt frå Frikk Gjeilo

Frikk Gjeilo er ei ny lomsstjerne på stjernehimmelen. Han er låtskrivar og musikar, han er frå Lom og er fødd i 1989. Allereie i tidleg skulealder starta han å skrive tekster, men ikkje før for eit par år sidan byrja han å dele musikken sin med andre. Nå har dette resultert i fleire singlar som også ligg ute på Spotify, og snart kjem det eit heilt album. Tekstene til Frikk er på lomsmål, dei er såre, direkte og kjem rett frå hjartet. Under Diktardagar skal vi få høyre både musikk og dikt frå Frikk som deltek under festkvelden i Utgard laurdag. Foto: Alex Rostad

Lars Mytting til Diktardagar

Vi er særs stolte over å fortelje at Lars Mytting kjem til Diktardagar i år. Lars Mytting er frå Fåvang, og vart kjent for «alle» etter å ha skrive boka Hel ved. Han har skrive i alt fire romanar, mellom anna Søsterklokkene som er den fyrste boka i det som skal bli ein triologi. Søsterklokkene er inspirert av lokale segner, og handlinga går føre seg på ein oppdikta stad i Gudbrandsdalen. Under Diktardagar vil Lars mellom anna fortelje meir om arbeidet med denne triologien, og særleg om bruken av forteljingar frå norddalen. Foto: Julie Pike.

Hiphop på Diktardagar 2020

Under Diktardagar sin festkveld laurdag 5. september blir det hiphop! Kjell Marius Snipen og Øystein Haugan i hiphop-duoen Dåm, tidlegare kjent som Ogobør, frå Dombås held konsert for oss, noko vi verkeleg gler oss til! Berre høyr her: https://www.youtube.com/watch?v=th2ywxbfvB4

Sigmund Løvåsen kjem til Diktardagar

Sigmund Løvåsen har gjort stor suksess under Diktardagar, og generelt i Skjåk, Lom og Vågå tidlegare. Vi er difor særs glade for at han kjem attende til oss nå i 2020. Sigmund vil i løpet av hausten vere aktuell med biografi om Kjell Aukrust, og under Diktardagar vil han fortelje om dette. Foto: David Aasen