Jon Fosse-program på Diktardagar

Bilde av Klaus Vatne
Klaus Vatne deltek på diktardagane i 2024. Foto: Foto: Sverre Skilbreid

Klaus Vatne har tonesett tekstar av Jon Fosse

Det var ei stor hending for norsk litteratur og for nynorsken at Jon Fosse vart tildelt Nobelprisen i litteratur i 2023. Jon Fosse sjølv er ikkje så glad i å reise rundt, men under årets Diktardagar får vi likevel eit Fosse-program, med musikar Klaus Vatne.

Vatne skal delta på opninga i Skjåk fredag kveld den 30. august, og han har lengre program på biblioteka i Skjåk og Vågå.

Klaus Vatne er ein artist frå Bergen som har sett melodi til Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009) og har framført desse songane jamleg sidan 2011. Tonesetjingane er i sjiktet vise, pop og blues, dette er difor musikk som fell i smak hjå eit breitt publikum.

Klaus har hatt to bibliotek-turnéar på Vestlandet, og skal i 2024 i veg på turné i Sogn og Fjordane (Folkeakademiet). Han gjestar GodNatt Oslo Litteraturfestival i april, Longyearbyen litteraturfestival og ein Fosse-festival på Karmøy bibliotek i september. Han har tidlegare spelt ved fleire by-scener i Bergen og har mellom anna besøkt Symposiet i Odda. Nokre av Klaus sine «Songar» har vorte spelte på NRK og han har fått reportasje og omtale i Bergens Tidende.
 

«Songar» er vakre tekstar om livet, med eit enkelt språk og ein rik biletbruk. Dette er tekstar med store tema som kjærleik, von, lengsle, redsle og mykje meir. Eg har freista å la tekstane i størst mogleg grad få visa vegen for korleis musikken skulle ta form. Det er særskild stemninga og ei slags «heilag einsemd» i dikta som har fanga meg. Dersom noko av dette vert spegla i musikken, skal eg vere særs nøgd.

KLAUS VATNE

Program for Diktardagar 2024

Ragnhild Kolden og Brynjulf Jung Tjønn
Ragnhild Kolden og Brynjulf Jung Tjønn kjem til Diktardagar 2024

Heim – det å høyre til

Det er tema for Diktardagar 2024 (30. august–1. september).

Temaet vil bli tatt opp mellom anna på:

Litteraturseminaret laurdag 31. august.
Der vil innleiarane vise på ymse vis kor viktig det er å høyre til.

Siri Helle (1982-), agronom, forfattar og fast spaltist i Dag og Tid vil prate om boka si Trollefossvegen 23: tilbake til heimbygda, som kom ut i 2022. Siri kjem frå Holmedal i Fjaler.

Kjartan Hatløy (1954-), frå Hyllestad i Sogn, filosof og diktar. Har gjeve ut fleire diktsamlingar.

Ragnhild Kolden (1956-), frå Lom, forfattar. Ho har gjeve ut fleire romanar med bakgrunn frå andre verdskrig. På seminaret vil ho snakke om novella Heim som ho skreiv til Stiftinga G-Kultur i 2020.

Andre del av seminaret er ein:

Litterær samtale om Knut Hamsun og Edvard Munch

Hamsun og Munch bidrog i 1890-åra til den tidlege modernismens kunstform i Norge. Med penn og med pensel prega dei kunsten med nye uttrykksformer i samtida. I ord og i bilde sanseleggjorde dei smerta i sinnet og sjela, og dei utforska og uttrykte på ulikt vis menneskesinnets vesen.  Dei var venner og jamne i alder, Hamsun (1859-1952) og Munch (1863-1944), og begge har referansar til Lom og Vågå.

Kan vi finne parallellar direkte inn i Hamsuns dikting og Munchs målarkunst?

Deltakarar: Even Arntzen (1962-) frå Lødingen, professor ved UiT med spesialfelt Knut Hamsun,  og Ivo de Figueiredo (1966- ) frå Langesund, historikar, biograf og kritikar. Bind 2 av biografien om Edvard Munch kjem hausten 2024. Debattleiar: Ragnhild Hovengen

Brynjulf Jung Tjønn er ein anna forfattar som vil delta på fleire arrangement.

Han har gjeve ut bøker for både barn, ungdom og vaksne. I 2022 gav han ut diktboka Kvit, norsk mann, som handlar om eigne opplevingar av rasisme, og om ønsket om å vera kvit, norsk mann. Boka fekk strålande mottaking og Jung Tjønn vart tildelt Ungdommens kritikarpris for ho.

Under Diktardagar skal forfattaren på bokbading både på seminaret for ungdom fredag og på bokbadet laurdag kveld. Han vil elles besøkje eit av biblioteka.

Opningsframsyninga er i år i Skjåk fredag kveld.

Det blir program med mange innslag av lokale musikarar og songarar; Bjørn Kåre Odde, Mari Midtli, Mats Erik Odde, Frikk Gjeilo og fleire.

Laurdag kveld 31. august blir det framføring av konsertforestillinga Som å koma heim – om å skape ein song av og med Lars Bakke, Ole Foss, Reidar Svare, Rune Kjørren og Endre Skjåk i Utgard i Lom.

Kabareten Nye Diktarplager i Utgard med Endre Skjåk, Lars Bakke, Reidar Svare, Ole Foss, Rune Kjørren m.fl. er utsett til Diktardagar 2025.

Kvelden blir avslutta med bokbad på Fossberg.

Sundag 1. september arrangerer vi utflukt: I Knut Hamsun og Edvard Munchs fotspor

Elles blir det som vanleg forfattarbesøk for 6.-klassingane i Ottadalsbygdene, forfattarbesøk på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå, og sjukeheimane får besøk av barn/ungdom som syng og spelar.

Det er så mangt i livet
du ventar deg og vil.
Men meir enn det å vera,
er det å høyre til.

JAN-MAGNUS BRUHEIM

Beklager, vi fant ingen innlegg. Vennligst prøv et annet søk.