Årets aktørar
Åsne Sørlie-Nordnes
Åsne Sørlie-Nordnes frå Vågå studerer på Teaterhøgskolen ved Kunsthøgskolen i Oslo. Under Diktardagar vil Åsne delta på litteraturseminaret laurdag. Saman med Ingrid Blessom og Nina Ophaug skal ho snakke om det å følgje draumen.
Bjarne Tormodsgard
Bjarne Tormodsgard har arbeidd som journalist og redaktør i fleire norske aviser. Han var redaktør av Hallingdølen i 18 år. Under Diktardagar skal Tormodsgard saman med Camilla Granlien stå for Tor Jonsson-programmet ved Stusslegstugu laurdag 5. september kl.16.
Bjørn Kåre Odde
Bjørn Kåre Odde (fødd 1990) er felespelar, folkemusikar og komponist frå Lom. Han har fått fleire prisar og har brei erfaring som komponist. I 2014 hadde han rolla som spelemannen i musikalen «Spelemann på taket» ved Det Norske Teatret. Under Diktardagar er han med på framsyninga Himmelvarden.
Camilla Granlien
Camilla Granlien er ein norsk kvedar og folkesongar. Ho er særleg kjent som formidlar av tradisjonsmateriale frå Gudbrandsdalen. Under Diktardagar skal Camilla saman med Bjarne Tormodsgard stå for Tor Jonsson-programmet ved Stusslegstugu laurdag 5. september kl.16.
Erling Andre Westgaard Flote
Forfattar og lektor Erling Andre Westgaard Flote debuterte med ungdomsromanen «Utveg» i 2024. Boka vart nominert til Kulturdepartementets barne- og ungdomsbokpris, og NBUs debutantpris Trollkrittet. På Diktardagar deltek Erling på bokbadet på seminaret for ungdom fredag.
Even Lusæter
Even Lusæter er journalist, musikar og formidlar. I 2023 vart han kåra til Årets gudbrandsdøl saman med Hans Andreas Solbakken for NRK-programmet «Sykkelsommer». Under Diktardagar er han med på framsyninga «Himmelvarden».
Gaute Heivoll
Gaute Heivoll har gjeve ut fleire titals bøker for barn, ungdommar og vaksne. Han har fått ei rekkje prisar, og er aktuell med ny bok i haust. Under Diktardagar skal Gaute besøkje bibliotek og delta på bokbadet laurdag kveld.
Ingrid Blessom
Ingrid Blessom frå Vågå er psykolog. Saman med familien restaurerer ho eit freda hus frå 1700-talet. Prosjektet er følgt i TV-serien Nytt liv i gamle hus. På Diktardagar vil Ingrid snakke om kva det vil seie å følgje ein draum som handlar om noko større enn ein sjølv - å setje i stand for æva.
Iselin A. Aukrust
Iselin A. Aukrust kjem frå Lom og studerer til dagleg tradisjonsmusikk ved Ole Bull akademiet på Voss. Der har ho fele og vokal som hovudinstrument. Under Diktardagar skal Iselin bidra på forestillinga Himmelvarden.
Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø er forfattar og journalist. Han har mellom anna skrive biografien om Olav Aukrust, Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust. Under Diktardagar deltar han på seminaret laurdag med foredraget «Draumar som kraftkjelde i litteraturen og livet»
Jotunheimen Underholdning
Jotunheimen Underholdning er ein møteplass for utøvande kunstnarar frå regionen. I 2007 laga dei kabareten Diktarplager, der dei gjennom humor og alvor presenterte fleire diktarar frå Ottadalen. I 2026 skal dei presentere ei ny framsyning, Diktardraumar, inspirert av årets tema, på opninga fredag den 4. september.
Lars Fredrik Händler Svendsen
Lars Fredrik Händler Svendsen er professor i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar ved Universitetet i Bergen. Under Diktardagar deltek han på seminaret laurdag 5. september med foredraget «Håpets filosofi».