Bilde av Klaus Vatne. Foto: Sverre Skilbreid
Klaus Vatne. Foto: Sverre Skilbreid

Klaus Vatne

Klaus Vatne er ein artist frå Bergen som har sett melodi til nobelprisvinnar Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009). Vatne har framført songane jamleg sidan 2011. Tonesetjingane er i sjiktet vise, pop og blues. Dette er difor musikk som fell i smak hjå eit breitt publikum.

Det blir markering av nobelprisvinnaren med Jon Fosse-program på Diktardagar. Klaus Vatne framfører songar av Fosse på opninga i Skjåk fredag kveld den 30 august, og han har lengre program på biblioteka i Skjåk og Vågå. Vatne opnar også litteraturseminaret laurdag.