Fjellsundag ved Tesse

Fjellsundag ved Tesse er ei utflukt med fokus på kunst, tradisjon og mat. På ein busstur med oppstart på kyrkjevollen i Lom, vil Torunn Kjøk guide oss gjennom fotspora til forfattarar og målarar som har funne inspirasjon i naturen og kulturen her. Vi køyrer via Lia, Nordherad og Vågåmo til Nordsetra og Brimi sæter ved…

Les mer

Bokbad

Laurdag kveld blir det tradisjonen tru, bokbad på Fossberg. I år deltek Magnus Takvam med boka om mora, lyrikaren Marie Takvam, Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam. Meir sjølvbiografisk blir det når Hilde Kvalvaag presenterer boka Djuphavsslettene, ein sjølvbiografisk roman om sonen sitt sjølvmord. Tredjemann på laget er Hans Olav Lahlum…

Les mer

Utstilling av kokebøker og oppskriftshefte

Bygdekvinnelaga i Skjåk, Lom og Vågå lagar ustillingar av gamle kokebøker og oppskriftshefte på biblioteka i dei tre bygdene. Kvinnene har samla alt frå handskrivne gamle hefte til kjende og mindre kjende kokebøker, og materialet vil såleis gje eit allsidig historisk innsyn i kokekunst frå hus og heim. Utstillingane blir på denne måten også ulike…

Les mer

Litteraturseminar Mat & målføre

Tema for Diktardagar 2022 er mat og målføre. Arne Brimi, ein av dei fremste ambassadørane både for lokal mat og mattradisjon og for dialekten vår, deltek på seminaret med føredraget Mat med identitet. I pausen bidreg han med dugurd i Presthaugen saman med BrimiBue. I fjor skreiv Sanna Sarromaa kronikken Dialekter er djevelens og erta…

Les mer

Opning av Diktardagar 2022

Opning av Diktardagar 2022

Vi ynskjer deg velkomen til opninga av Diktardagar 2022 med ein fin kulturkveld. Her skal du få vakker og variert musikk ved Aslak Brimi m/band, Mari Eide Lindsheim, Lom og Skjåk kulturskule og «Nordvesten spælle blues». Vidare skal du få eit innblikk i ei sterk historie frå forfattaren Hilde Kvalvaag. Årets festtalar er forfattar og…

Les mer

Quiz! Mat & målføre

Bokhandel'n Bakeri & Mathus i Vågå

Mat og målføre er tema for Diktardagar 2022, og i alle tre bygder arrangerer vi quiz. Der kan du teste kunnskapane dine om dialekt, mat og måltid. Det er lagt opp til at lag på inntil fire personar kan delta. Få med deg vener og kjende og møt opp. Om du ikkje er med på…

Les mer

«Ringar i vatn»

Ringar i vatn er ei utstilling med verk av lyrikar Lisbet Lid Venås, biletkunstnar Runaug Venås og komponist Una Aurora Sand Venås. Utstillinga er eit samspel mellom poesi, biletkunst og musikk der tre kvinner i tre generasjonar møtest. Tekst, bilete og lyd er sett saman til ein heilskap der temaet er ljos og mørkre og…

Les mer

Dialektdebatt

I fjor erta Sanna Sarromaa på seg dialektforkjemparar med kronikken Dialekter er djevelens verk. På litteraturseminaret barkar ho i hop med NRK-journalist Hans Andreas Solbakken og stipendiat Kirsti Lunde. Dei skal blant anna diskutere bruk av dialekt i NRK. «Mange nordmenn synes dialekter er noe å være stolt av. Mange, spesielt vi innvandrere, synes at…

Les mer

Konsert med Synne Vo!

Laurdag 3. september blir det konsert i Utgard med Synne Vo. Synne Vo er artistnamnet til Synne Vorkinn, 22 år gammal songar og låtskrivar frå Lesja. Ho har gjort lesjamålet til varemerke og er eit friskt pust i norsk popmusikk. For Synne har dialekta vore viktig både for personlegdom og identitet og som artist. Ho…

Les mer