Opning av Diktardagar 2022

Vi ynskjer deg velkomen til opninga av Diktardagar 2022 med ein fin kulturkveld. Her skal du få vakker og variert musikk ved Aslak Brimi m/band, Mari Eide Lindsheim, Lom og Skjåk kulturskule og «Nordvesten spælle blues». Vidare skal du få eit innblikk i ei sterk historie frå forfattaren Hilde Kvalvaag. Årets festtalar er forfattar og sosiolog Sanna Sarromaa, ei dame som har sterke meiningar om mangt og som har gjort seg bemerka for kronikkar i GD og VG. Eit av høgdepunkta denne kvelden er utdeling av Diktardagarprisen.

Det heile blir staseleg opna av ordføraren i Skjåk, Edel Kveen. Velkomne til ein triveleg kveld!

Program

  • Opning ved ordførar i Skjåk, Edel Kveen
  • Song og musikk ved Mari Eide Lindsheim
  • Festtale ved sosiolog og forfattar Sanna Sarromaa
  • Opplesing ved forfattar Hilde Kvalvaag
  • Utdeling av Diktardagarprisen 2022
  • Musikk v/Lom og Skjåk kulturskule
    Gruppa «Mooses in the new» består av Bendik Bjotveit-Holen, Vetle Gartland og Sigurd Mathias Sygard
  • Song og musikk ved Aslak Brimi m/band
  • Song og musikk ved «Norvesten spælle blues – og så vi da».
    Gruppa består av: Syver Olstad, Stein Elvestad og Malin Zetterberg

Opninga skal gå føre seg fredag 2. september kl 18.00 i Marlo Grendehus i Skjåk.

Inngang og påmelding kr 250,-. Skuleelevar kr 150,-