Årets aktørar

Synne Vo

Synne Vo

Synne Vorkinn (fødd 1998) er songar og låtskrivar frå Lesja. Ho har studert låtskriving og musikkproduksjon på LIMPI på Lillehammer, og slo for alvor gjennom med låta «Ikkje tenk på meg» under artistnamnet Synne Vo i 2020.

Hans Olav Lahlum

Hans Olav Lahlum

Hans Olav Lahlum er ein norsk historikar, biograf, kriminalforfattar, sjakkspelar og SV-politikar. Han er kjent som ein aktiv samfunnsdebattant og har vore med som ekspertkommentator på TV både når det gjeld sjakk og amerikansk historie og politikk.

Una Aurora Sand Venås

Una Aurora Sand Venås

Una Aurora er 23 år og er student ved Norges Muskikkhøgskole i Oslo ved Det frie kandidatstudiet. Ho er ei allsidig dame som spelar på fleire strengar. I studiet sitt driv ho med vokal, låtskriving, produksjon og live-elektronikk. Ved sidan av studiet driv ho også med visuell kunst.

Sanna Sarromaa

Sanna Sarromaa

Sanna Sarromaa (fødd i Finland, 1979) er historielektor, sosiolog og forfattar busett på Lillehammer. I tillegg til sitt politiske engasjement, har Sanna vekt merksemd med sine mange kronikkar både i Gudbransdølen Dagningen og i VG.

Magnus Takvam

Magnus Takvam

Magnus Takvam har vore journalist og politisk kommentator i NRK sidan 1983. I 2002 gav han ut boka «Arbeiderpartiets fall». I fjor gav han ut boka «Hun skrev for å kunne leve : min mor, Marie Takvam».

Mari Eide Lindsheim

Mari Eide Lindsheim

Mari Eide Lindsheim (fødd 1999) kjem frå Skjåk. Ho syng, spelar gitar og har tonesett fleire dikt av Jan-Magnus Bruheim og Olav Øygard. Som musikksjanger er ho allsidig, ho brukar både viser, stev og pop/rock.

Reidar Svare

Reidar Svare

Reidar Svare er opprinneleg frå Vågå, men har budd i Lom ei årrekkje, der han for tida er tilsett som organist.

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er forfattar og journalist og har tidlegare arbeidd som radio- og tv-journalist i NRK Oppland. Ho er fast leiar av bokbadet på Diktardagar.

Nordvesten spælle blues – også vi da

Nordvesten spælle blues – også vi da

Trioen Syver Olstad, Malin Anna Zetterberg og Stein Elvestad har laga ei musikalsk hylling til den nordnorske naturen gjennom formidling av tekster av Arvid Hanssen tonesett av Tove Karoline Knutsen.

Runaug Venås

Runaug Venås

Runaug Venås er fødd i Lom i 1968, og bur og jobbar som kunstnar i Telemark. Ho er utdanna ved Kunstøgskolen i Oslo og Oslo Tegne- og Maleskole.

Martin Steinum Brun

Martin Steinum Brun

Martin Steinum Brun frå Vågå er songar med bakgrunn både frå klassisk og folkemusikalsk tradisjon, og vart i 2019 tildelt kulturstipendet i heimbygda for satsinga si innan klassisk musikk.

Hilde Kvalvaag

Hilde Kvalvaag

Hilde Kvalvaag (f. 1968) bur i Bergen, der ho sidan 2017 har jobba som kommunikasjonsrådgjevar ved Fakultet for kunst, musikk og design. Ho er utdanna sosialantropolog frå Universitetet i Bergen, og har studert barne- og ungdomslitteratur ved Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Audhild Solberg

Audhild Solberg

Audhild Solberg er opphaveleg frå Sauland i Telemark, men bur i Oslo der ho har jobba i forlagsbransjen og som forfattar av barne- og ungdomsbøker gjennom ei årrekke.

Hans Andreas Solbakken

Hans Andreas Solbakken

Hans Andreas Solbakken frå Lom har bachelorgrad i fjernsyn- og radiojournalistikk frå Høgskulen i Volda. Han har jobba i NRK sidan 2017, først for NRK Innlandet, og no som journalist i NRK Sport.

Arne Brimi

Arne Brimi

Arne Brimi (fødd 1957) er kokk, kokebokforfattar og gründer frå Vågå. Han var kjøkensjef på Fossheim Hotell i Lom 1978–2002, og gjorde hotellet landskjend for sitt «Naturens kjøken».

Henry Notaker

Henry Notaker

Henry Notaker er cand.philol. med hovudfag i nordisk. Han har jobba mesteparten av yrkeslivet i NRK, først utanriksreporter og Paris-korrespondent, seinare kulturmedarbeidar med program om litteratur og om matkultur.

Kirsti Lunde

Kirsti Lunde

Kirsti Lunde vart fødd i Lom i 1989. Ho er utdanna høgskulelektor i norsk, og var i perioden 2015-2017 skrivar for Norsk Målungdom. No bur ho i Sogndal, der ho er stipendiat i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking for Høgskulen på Vestlandet.

Fjelltite

Fjelltite

Fjelltite er seks jenter frå Lom som syng og spelar fele. Dei som er med er Iselin Aukrust, Åste Sulheim Viken, Lina Brenden, Magnhild Helland, Hanne og Synne Kjøk.

Terje Randen

Terje Randen

Terje jobbar til dagleg som prosjektleiar og produksjons- og IT-ansvarleg i avisa Fjuken. Han er oppteken av at vi skal ta vare på dialekta og kulturarven vår. Dette har resultert i at det store verket om talemålet i Lom og Skjåk har fått ei omfattande revidering og utviding.

Marit Hosar

Marit Hosar

Marit Hosar er fylkesarkivar ved Innlandet fylkesarkiv/IKA Opplandene. Etter over 40 år i arkiva si teneste, i arbeid med arkiv frå både privat og offentleg opphav, har ho vore oppteke av arkivinstitusjonane si samfunnsrolle.

Trygve Hesthagen

Trygve Hesthagen

Trygve Hesthagen vart fødd i Garmo i 1951 , og er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforskning i Trondheim.

Endre Skjåk

Endre Skjåk

Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han har m.a. erfaring frå Kristinspelet på Sel og Teater Innlandet.

Aslak Brimi

Aslak Brimi

Aslak er spelmann frå Garmo i Lom, har studert musikk i Oslo, arbeider som musikklærar, og er aktiv medlem av Lom spel- og dansarlag. I tillegg har han produsert fleire CD-ar saman med andre eller solo.