Quiz! Mat & målføre

Mat og målføre er tema for Diktardagar 2022, og i alle tre bygder arrangerer vi quiz. Der kan du teste kunnskapane dine om dialekt, mat og måltid. Det er lagt opp til at lag på inntil fire personar kan delta. Få med deg vener og kjende og møt opp. Om du ikkje er med på noko lag frå før, blir det ei råd med det. Alle som stiller, blir med på eit lag. Til quizen blir det servert velsmakande fingermat.

Quizen går føre seg torsdag 1. september, 19.30 til 22.30 på Nordalsfjoset i Lom, Fjelleventyret i Skjåk og Bokhandel’n Bakeri & Mathus i Vågå. I Lom er det Stein Magne Eggen, Bjarte og Ola Rossehaug som leiar quizen, i Skjåk Geir Byre og Olav Bruheim Kvåle, i Vågå Even Lusæter og Geir Thorud.

Servering av fingermat alle tre plassar. Bokpremiar til vinnarlaga.
Møt opp til ei triveleg tevling i godt lag og med god mat.

Inngang og påmelding: 250 kr per person