Konsert med Synne Vo!

Laurdag 3. september blir det konsert i Utgard med Synne Vo. Synne Vo er artistnamnet til Synne Vorkinn, 22 år gammal songar og låtskrivar frå Lesja. Ho har gjort lesjamålet til varemerke og er eit friskt pust i norsk popmusikk.

For Synne har dialekta vore viktig både for personlegdom og identitet og som artist. Ho nektar å «knote» og gjentek heller enn å legge om. Dialektar er noko av det ho set pris på med Noreg, og synest at folk frå alle delar av landet skal halde på dialekta. Det er viktig at folk ikkje tenkjer at dei må tilpasse seg majoriteten, men tør å utsetje andre for dialekta si, slik at folk blir vande med å høyre dialektar, seier Synne i intervju med Framtida. Der blir ho presentert som eitt av ti unge «Nynorsktalent».

I songane deler Synne Vo historier frå eit ungjente-liv. Tankar og opplevingar blir formulert med stødig penn før dei blir sett melodi til og blir til fengande popmusikk. I dette universet treffer ein sekstenåringen som er fjortisfull på pappas gin, ein kan kjenne att lengten etter heimplassen og staden der ein forelska seg for fyrste gong. Eller ein kan høyre historien om ei natt som var for god til å vera sann i ein park på St. Hanshaugen.

Synne har studert låtskriving og musikkproduksjon på LIMPI på Lillehammer, og slo for alvor gjennom med låta Ikkje tenk på meg under artistnamnet Synne Vo i 2020.

Ho har også skrive filmmusikk. Dette resulterte i «Gonna be alright», låten til kassasuksessen «Børning 3». Sidan det ikkje er så ofte ein får sjansen til å føle seg litt som James Bond, ende Synne like godt opp med å synge songen sjølv.

Nå er Synne musikar på fulltid, og har signert kontrakt med plateselskapet Warner Music. Blant dei mest kjende låtane hennar, er «Ett minutt», ein melankolsk låt om å slå opp, Astrid S coveren «De e ok um du glømme me», «Seksten» og «Spagetti for to».

På Diktardagar 2022 held Synne Vo konsert i Utgard. Vi håpar på stinn brakke! Her får de ein liten forsmak med låten Heime.

Foto Synne Vo: Thor Håkon Ulstad