Bokbad

Laurdag kveld blir det tradisjonen tru, bokbad på Fossberg. I år deltek Magnus Takvam med boka om mora, lyrikaren Marie Takvam, Hun skrev for å kunne leve. Min mor, Marie Takvam. Meir sjølvbiografisk blir det når Hilde Kvalvaag presenterer boka Djuphavsslettene, ein sjølvbiografisk roman om sonen sitt sjølvmord. Tredjemann på laget er Hans Olav Lahlum…

Les mer

Litteraturseminar Mat & målføre

Tema for Diktardagar 2022 er mat og målføre. Arne Brimi, ein av dei fremste ambassadørane både for lokal mat og mattradisjon og for dialekten vår, deltek på seminaret med føredraget Mat med identitet. I pausen bidreg han med dugurd i Presthaugen saman med BrimiBue. I fjor skreiv Sanna Sarromaa kronikken Dialekter er djevelens og erta…

Les mer

Quiz! Mat & målføre

Bokhandel'n Bakeri & Mathus i Vågå

Mat og målføre er tema for Diktardagar 2022, og i alle tre bygder arrangerer vi quiz. Der kan du teste kunnskapane dine om dialekt, mat og måltid. Det er lagt opp til at lag på inntil fire personar kan delta. Få med deg vener og kjende og møt opp. Om du ikkje er med på…

Les mer

«Ringar i vatn»

Ringar i vatn er ei utstilling med verk av lyrikar Lisbet Lid Venås, biletkunstnar Runaug Venås og komponist Una Aurora Sand Venås. Utstillinga er eit samspel mellom poesi, biletkunst og musikk der tre kvinner i tre generasjonar møtest. Tekst, bilete og lyd er sett saman til ein heilskap der temaet er ljos og mørkre og…

Les mer

Dialektdebatt

I fjor erta Sanna Sarromaa på seg dialektforkjemparar med kronikken Dialekter er djevelens verk. På litteraturseminaret barkar ho i hop med NRK-journalist Hans Andreas Solbakken og stipendiat Kirsti Lunde. Dei skal blant anna diskutere bruk av dialekt i NRK. «Mange nordmenn synes dialekter er noe å være stolt av. Mange, spesielt vi innvandrere, synes at…

Les mer

Konsert med Synne Vo!

Laurdag 3. september blir det konsert i Utgard med Synne Vo. Synne Vo er artistnamnet til Synne Vorkinn, 22 år gammal songar og låtskrivar frå Lesja. Ho har gjort lesjamålet til varemerke og er eit friskt pust i norsk popmusikk. For Synne har dialekta vore viktig både for personlegdom og identitet og som artist. Ho…

Les mer

Aslak og Frikk med barneplate

Under Diktardagar kan vi by på heilt ny barnemusikk! Musikken har blitt til i samarbeid mellom folkemusikar Aslak Brimi og lyrikar og låtskrivar Frikk Gjeilo. Aslak har komponert musikken og Frikk har skrive tekstene til den nye plata. Musikken er engasjerande og lettlærte viser for barn og unge, ein miks av visemusikk og folkemusikk. Det…

Les mer

Diktardagar 2022: Mat og målføre

Mat og målføre er tema for Diktardagar 2022. Festivalen går av stabelen 1. til 4. september med arrangement i Lom, Skjåk og Vågå. God mat og vakkert målføre er kvalitetar som bygdene våre har blitt kjende for. Arne Brimi har meir enn nokon bidrege til dette. Vi er glade for å ha Arne med oss…

Les mer