Diktardagar 2022: Mat og målføre

Mat og målføre er tema for Diktardagar 2022. Festivalen går av stabelen 1. til 4. september med arrangement i Lom, Skjåk og Vågå. God mat og vakkert målføre er kvalitetar som bygdene våre har blitt kjende for. Arne Brimi har meir enn nokon bidrege til dette. Vi er glade for å ha Arne med oss på Diktardagar i år. Han vil halde føredrag på litteraturseminaret og varte opp med dugurd på seminaret.

Synne Vo, den populære artisten og låtskrivaren frå Lesja, har gjort lesjamålet til sitt varemerke. Laurdag 3. september har vi gleda av å invitere til konsert med Synne Vo med band i Utgard.

Forfattar og kronikør Sanna Sarromaa har ei kritisk tilnæring til bruk av dialektar. Dialekter er djevelens verk er tittelen på ein kronikk ho hadde på trykk i VG i fjor. På Diktardagar treffest Sanna Sarromaa, NRK-journalist Hans Andreas Solbakken og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet, Kirsti Lunde, til debatt om bruk av dialektar og nynorsk.

Folkemusikar Aslak Brimi og lyrikar og låtskrivar Frikk Gjeilo har gått saman om å gje ut barneplate. Under Diktardagar blir det plateslepp og urframføring av den nye musikken. Aslak og jentene i Fjelltite turnerer med familiekonsert i alle tre bygder.

Forfattarane Magnus Takvam, Hilde Kvalvaag, Hans Olav Lahlum og Henry Notaker er blant dei inviterte gjestane som deltek på årets festival. I tillegg blir det dialekt- og matquiz, utstillingar, intensivkurs i kasus og setersundag med skråpå-tå på Brimi sæter.

Vi kan presentere ein rikhaldig meny for åndeleg påfyll og gastronomiske opplevingar på årets Diktardagar. Fullstendig program blir lagt ut på heimesida i løpet av våren. Billettsalet frå 15. juni.