Innlegg av Kari Anne Skjaak
A. Audhild Solberg vitjar 6. klassingane
A. Audhild Solberg er ein forfattar mange born og ungdommar har lese bøker av. Ho har mellom anna skrive serien om superbitchene, og i 2019 kom ho med spenningaboka «Harpa» som fekk ARK sin barnebokpris. «Harpa» er ei skikkeleg spennande bok frå ei bygd der det nesten berre er skog, det er visstnok ikkje så…
Les merMusikk og dikt frå Frikk Gjeilo
Frikk Gjeilo er ei ny lomsstjerne på stjernehimmelen. Han er låtskrivar og musikar, han er frå Lom og er fødd i 1989. Allereie i tidleg skulealder starta han å skrive tekster, men ikkje før for eit par år sidan byrja han å dele musikken sin med andre. Nå har dette resultert i fleire singlar som…
Les merLars Mytting til Diktardagar
Vi er særs stolte over å fortelje at Lars Mytting kjem til Diktardagar i år. Lars Mytting er frå Fåvang, og vart kjent for «alle» etter å ha skrive boka Hel ved. Han har skrive i alt fire romanar, mellom anna Søsterklokkene som er den fyrste boka i det som skal bli ein triologi. Søsterklokkene…
Les merHiphop på Diktardagar 2020
Under Diktardagar sin festkveld laurdag 5. september blir det hiphop! Kjell Marius Snipen og Øystein Haugan i hiphop-duoen Dåm, tidlegare kjent som Ogobør, frå Dombås held konsert for oss, noko vi verkeleg gler oss til! Berre høyr her: https://www.youtube.com/watch?v=th2ywxbfvB4
Les merSigmund Løvåsen kjem til Diktardagar
Sigmund Løvåsen har gjort stor suksess under Diktardagar, og generelt i Skjåk, Lom og Vågå tidlegare. Vi er difor særs glade for at han kjem attende til oss nå i 2020. Sigmund vil i løpet av hausten vere aktuell med biografi om Kjell Aukrust, og under Diktardagar vil han fortelje om dette. Foto: David Aasen
Les mer