Sponsorer

Takk òg til

Stein Torleif Bjella kjem til Diktardagar

Årets «pubmusikar» under Diktardagar er ingen ringare enn Stein Torleif Bjella. Fredag kveld vil han halde intimkonsert på Brimibue, konserten har fått tittelen «To fjellovergangar lenger bort» sidan Bjella som kjem frå Ål i Hallingdal bevegar seg over to fjellovergangar for å kome til Lom. Billettane blir lagt ut den 1. juli, og vi har ein mistanke om at dei kan forsvinne rimeleg fort. Stein Torleif Bjella er ein av dei mest populære innanfor norsk musikk for tida, han dreg fulle hus over heile landet og står på scenene til fleire av dei største norske musikkfestivalane.

Bildøen, Nilssen og Løvåsen kjem til Diktardagar

Under Diktardagar vil både Brit Bildøen, Olaug Nilssen og Sigmund Løvåsen delta med opplesingar på biblioteka i Vågå, Lom og Skjåk, samt under bokbadet laurdag kveld. Det er tre sterke og aktuelle stemmer i norsk litteratur som møtast under Diktardagar.

Program sundag 1. september

10.00-15.45 Til fjells – Sognefjellet. 

Sognefjellet – ei inspirasjonskjelde for mange diktarar og kunstnarar. 

Avreise med buss frå P-plassen ved Lom stavkyrkja. Vi følgjer fara til Holberg, Asbjørnsen, Ibsen, Grieg, Gude og mange andre til Herva. Stopp ved steinbua, der Ibsen låg vêrfast sommaren 1862, og fekk inspirasjon til å skrive Brand. Vi viser stader som er knytt til segn og historier Ivar Kleiven skreiv om i I Gamledågå. Lett vandring frå vestsida av Fantesteinvatnet over dei nye, spektakulære bruene over vatnet til Sognefjellshytta. 

11.00 Dei som vil på fjellmesse i staden for å vera med på turen til Herva, kan gå av ved Sognefjellshytta. 

12.30 Dugurd. 

13.30 Fjell-Noreg /Bergtatt.

Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet. 

Turen blir avslutta ved Lom stavkyrkja seinast 16.00. 

Bindande påmelding innan 23. august. 

Kr. 650 / berre konsert kr. 250. 

11.00–12.00 Mellombygget Sognefjellshytta. 

Fjellmesse ved Asbjørn Haugen. 

Arrangør: Lom kyrkjelege råd. 

19.00 Andre etasje, Vågå. 

Ja kom og klink og drik Bjerregaards Skaal. 

Konsert-foredrag om det nasjonale syngespelet Fjeldeventyret og sorenskrivarsonen Henrik Anker Bjerregaard frå Vågå. For korleis oppstod det norske sjølvbiletet for 200 år sidan, og korleis ser det ut i dag? Med Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit. Produsert av Kultivator med støtte frå Kulturrådet. 

kr. 200. 

Program laurdag 31. august

12.00 Forfattarbesøk på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå. 

Gratis. 

09.00–15.00 Seminar i Hagehuset på Nordgard Aukrust. 

Tema: Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap. 

09.00 Velkomst med poetisk og musikalsk opptakt. Seminarleiar Ola Aukrust i samarbeid med Even Lusæter. 

09.15 Berre stein? Vandring i natur og litteratur. Ved Cato Schiøtz. 

10.00 Upp til fjells, so høgt som sky kan nå. Fjellet som metafysisk og økokritisk stad hjå Olav Nygard, Olav H. Hauge og Olav Aukrust – og i samtidspoesien. Ved Eirik Vassenden. 

11.00 Kaffi- og tepause. 

11.15 Ideer om natur og frihetFra Henrik Wergeland til Arne Næss! Ved Nina Witoszek. 

12.15 Dugurd. Samtaler i det grøne. 

13.15 Ver Sanctum (Heilag vår). Musikk: Sparre Olsen, Op.30–. Tekst: Olav Aukrust. Josefinekoret, Oslo. Piano: Natasja Rybak. 

13.30 Ørneflukt og ormegard – Det høge og låge – og det heilage. Jan Inge Sørbø. 

14.15 Refleksjon og avsluttande samtale. 

Seminaravgift inkludert dugurd og kaffipause kr. 650. 

Enkeltforedrag kr. 200. Dugurd kr. 200. 

16.00 – 16.30 Tor Jonssonstugu. 

Tone Ringen: Tor Jonsson i ord og tonar. Kr. 50. 

18.00 – 20.15 Festkveld i Utgard. 

Kulturinnslag av born og ungdom frå Lom, Skjåk og Vågå. 

Festtale ved Guri Sørumgård Botheim. 

Utdeling av Diktardagarprisen. 

Tone Ringen syng. 

Vindsus i fjell. Musikalsk reise med Jotunheimen underholdning. Gamle og nye tekster og tonar knytt til diktarane i regionen. 

Kr. 300/150. 

21.00 Bokbad på Fossberg. 

Sigmund Løvåsen, Brit Bildøen og Olaug Nilssen blir bokbada av bademeister Magnhild Bruheim. Kr. 200. 

Program fredag 30. august

11.00–13.30 Utgard, Lom. 

Miniseminar for ungdomsskuleelevar i Lom, Skjåk og Vågå og elevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. 

Tema: Klima. Mona Phillips frå Framtiden i våre hender. 

Ljosbildekåseri ved Dag Inge Bakke: Korleis klimaet endrar fjell og bre. 

18.30–19.30 Norsk Fjellsenter. 

Opning av Diktardagar 2019 ved ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø. 

Boklansering Dikt om fjell – dikta er samla og redigerte av Nasjonalparkbiblioteket. Redaktørar: Rita Mundal og Hanne Gran. 

Hildegunn Hovde: Damer i D-dur.

Thea Grobstok Dalen introduserer utstillinga «Kor mange tonn», etterpå er det ope for å sjå på utstillinga.

I samarbeid med Norsk fjellsenter. Kr. 150. 

20.00 – 22.00 Fossheim Hotell. 

Diktardagarmiddag med noko attåt

Opplesing og musikk. Vert: Even Lusæter. 

Avgrensa plass. Kr. 480. 

22.00 Brimibue.

To fjellovergangar lenger bort. 

Konsert med Stein Torleif Bjella. Kr. 290. 

Program torsdag 29. og fredag 30. august

• 6. klassingane i Lom, Skjåk og Vågå får besøk av forfattar Kirsti Blom. I samarbeid med Nynorsk kultursentrum og prosjektet Heile Noreg les

• Besøk med opplesing og musikk på Vågåheimen, Skjåkheimen og Helseheimen i Lom. 

Torsdag kl 18.00 Budeiball på Billingen Seterpensjonat. 

Liv og dikting rundt setring og seterliv. 

Synne Stensgård og songgruppa Fjelltite underheld, Magnhild Bruheim les dikt og Hans Hågå fortel om seterlivet. Tablå ved Skjåk spel og dansarlag. Seterkost – Billingen-buffet. Budeiballet held fram. 

Arr: Vertskapet på Billingen, Venelaget Jan Magnus Bruheim, Billingen Seterlag i samarbeid med Diktardagar. 

Kr. 400. Påmelding innan 26. august. Avgrensa plass. 

Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap

Til fjells! 

I dag søkjer vi til fjells som aldri før, unge som gamle. Det same har vismenn, diktarar og kunstnarar gjort i uminnelege tider. Holberg, Wergeland, Ibsen , Grieg, – alle har dei hatt sterke opplevingar og høyrd sterke historier på veg over Sognefjellet. Kva er det med fjellet? Dette vil vi prøve å kaste ljos over på Diktardagar 2019, gjennom litteratur, musikk og foredrag. Seminaret har tittelen «Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap.» Vi er glade og stolte over å samarbeide med mange dyktige vertskap på eineståande arenaer i Lom, Skjåk og Vågå. Ikkje minst er vi glade for å presentere mange lokale utøvarar på høgt nivå med mykje du aldri har høyrt eller sett før. Eller du kan bokbade med fleire av våre fremste forfattarar, eller gå på kveldskonsert med Stein Torleif Bjella. 

Velkomen til Diktardagar, til inspirasjon frå fjellet! 

Billettsalet startar 1. juli.