Sponsorer

Takk òg til

«Til fjells» ute for sal

Diktsamlinga ”Til fjells” er nå i sal hjå Loarutsalet i Lom, Vågå bok og leker i Vågå og Akantus blomster i Skjåk. Det er også mogleg å bestille boka ved å sende e-post til post@diktardagar.no eller ved å gå inn på nettbutikken til Lom folkebibliotek https://www.lom.kommune.no/tenester/kultur-idrett-fritid-kyrkja/lom-folkebibliotek/nettbutikk/. Ved bestilling kjem porto i tillegg. Elles er prisen for boka kr. 195.

Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar, medan biblioteka i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk alle har vore med i innsamlinga av dikta til boka. Felles for alle dikta er at dei handlar om fjell. Dei fleste av dei omtrent 60 dikta er skrivne av lokale forfattarar, heilt frå Edvard Storm som var fødd i 1749 til Anna Kleiva som var fødd i 1985. (Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken)

Budeiball på Billingen Seterpensjonat

Torsdag kveld tjuvstarta Diktardagar med budeiball på Billingen Seterpensjonat. Her var det stinn seter og høg stemning. Budeiene var sjølvsagt på plass saman med både spelemenn og dansarar. Songgruppa Fjelltite og Synne Stensgård song vakkert, Magnhild Bruheim las dikt frå den nye diktsamlinga «Til fjells», Hans Hågå fortalde frå seterlivet og vertskapet på Billingen Seterpensjonat stod for både spel, programleiing og ikkje minst skikkeleg god seterkost. På biletet er budeiene Randi Rust, Synne Stensgård og Aud Yttre Aaboen klare for budeiball.

Bokbad med Brit Bildøen, Sigmund Løvåsen og Gudmund Moren

Gudmund Moren kjem til bokbadet på Fossberg laurdag 31. august etter at Olaug Nilssen diverre måtte melde forfall. Det er tre kritikarrosa og aktuelle aktørar vi har med på bokbadet i år.

Brit Bildøen kom i 2018 med boka «Tre vegar til havet», som skildrar avmakt i møte med byråkratiet, og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Sigmund Løvåsen kom med diktsamlinga «Med øksene dei haustar inn» i fjor haust. Kulturlandskapet, jord- og skogbruk, dyrking og hausting er ramma for tekstane i denne samlinga. Gudmund Moren er ute med den heilt ferske boka «Okkupanter. Historien om Trudel og Georg Bauer», boka handlar om to ganske vanlege tyske okkupantar, og byggjer i stor grad på eit unikt brevmateriale mellom dei to.

Jotunheimen Underholdning presenterer «Vindsus i fjell»

– Har du høyrt suset i fjellet? Ekkoet frå dei som var her før oss. Syngjande songar om svunne tider.

Under Festkveld i Utgard laurdag vil Jotunheimen Underholdning presentere ei heilt ny framsyning. Endre Skjåk fortel dette: 

Gjennom dikt av Olav Aukrust og nyskrivne songar av Lars Bakke ynskjer vi å ta dykk med på ei reise bakover i tid og høgt til fjells. Til seterstular og budeier, huldrer og engelske fotturistar, i eit vakkert men farleg fjell. Vi har latt oss inspirere av historier og segn og  saman med dikt av Olav Aukrust knytta til fjella har dette vorte eit møte i fjellet om bruken av det til alle tider. Alt er sjølvsagt ikkje sant, slikt er det med dikt og fjas, men det meste kan ha vore det.

«Vindsus i fjell» er ei sjølvstendig framsyning på om lag 35 minutt som har vorte innspelt i løpet av vinteren. Dette er eigentleg eit forprosjekt til det vi håper kan bli ei lengre framsyning etter kvart, om fjella består.

Med: Lars Bakke, Eldri Tofte, Endre Skjåk og Reidar Svare. Musikkprodusent: Kenneth M. Lewis. Foto/video: Yury Rogachev.

Fjell-Noreg/Bergtatt. Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet

Sundag 1. september er det all grunn til å ta turen til Sognefjellshytta for å få med seg ein konsert som er spesiallaga for Diktardagar. Her vil Mari Midtli synge, Aslak Brimi vil spele fele og synge, og vi vil også få oppleve ein strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet beståande av Sander Tingstad (1.fele), Bjørn Kåre Odde (2.fele), Elin Marie Christensen (bratsj), Ida Malene Christensen (cello) og Jon Åsnes (bass).

Vinteren 2019 kom Mari Midtli og Aslak Brimi med prosjektet og albumet «Bergtatt» i lag med kammerorkesteret Sinfonietta Innlandet. I skjæringa mellom klassisk og folkemusikken bergtok dei publikumet sitt, og nå kjem dei til Diktardagar for å spele for oss. Dei har spesiallaga ein konsert for Diktardagar der diktinga til Olav Aukrust står sentralt. Konserten «Fjell-Noreg» – inne i den nye arkitektoniske perla på Sognefjellshytta – vil bli ei stor og spennande musikalsk oppleving.
Diktardagar har tinga eit nytt musikkverk frå dei lokale komponistane Aslak Brimi og Bjørn Kåre Odde. Det nye verket har fått tittelen «Skaldespor», og er skrive for songsolist, fele og strykekvintett. Verket vert urframført på denne konserten under Diktardagar.

Festtale om fjellengt, synssansen, barne-TV-karakteren Tullerud og om Hjerkinn

Årets festtalar under Festkveld i Utgard er Guri Sørumgård Botheim som opphaveleg er frå Lesja. Festtala vil handle om fjellengt, om synssansen til villreinen og mennesket, litt om å forelske seg i barne-TV-karakteren Tullerud og ganske mykje om Hjerkinn. Guri er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Ho har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar, og er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg i Trondheim. Saman med systera, Sigrid Sørumgård Botheim, debuterte ho i 2009 med den særeigne romanen Ramstein pensionat. Romanen er sett saman av mange ulike typar tekstar, er full av humor, alvor og satire om byen, bygda og karakterane i romanen. Viktige tema er syskenkjærleik, einsemd og livet i bygde-Noreg. (Foto: Benedikte Skarvik)

Fjellyrisk handbok

Vi er stolte av å kunne lansere diktsamlinga «Til fjells» under Diktardagar. Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar, medan biblioteka i Lesja, Dovre, Sel, Vågå, Lom og Skjåk alle har vore med i innsamlinga av dikta til boka. Felles for alle dikta er at dei handlar om fjell. Dei fleste av dei omtrent 60 dikta er skrivne av lokale forfattarar gjennom 250 år, heilt frå Edvard Storm som var fødd i 1749 til Anna Kleiva som var fødd i 1985. Diktinga har stått sterkt i Nord-Gudbrandsdalen gjennom alle desse åra, og fjella og naturen vår har vore ei viktig kjelde til inspirasjon for forfattarane. (Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken)

Fjeldeventyret og det norske sjølvbiletet

Henrik Anker Bjerregaard var sorenskrivarson frå Vågå, det var han som skreiv syngespelet Fjeldeventyret i 1824, Waldemar Thrane sette musikk til. ”Bjerregaards Skaal!” kombinerer musikken frå dette stykket med kåseri om kva det vil seie å vere norsk. Det er Mette Vårdal som har skrive tekstane, og det er også ho som framfører dei. Camilla Granlien syng og spelar kontrabass, Halvor Kjerkreit spelar baryton og bratsj, og Vegar Vårdal spelar fiolin, hardingfele og tenorbratsj. Erik Schøyen har regien.

Premieren på stykket kan du få med deg på nyopna Andre Etasje i Vågå vil ”Bjerregaards Skaal!” sundag under Diktardagar. Her er det også mogleg å bestille ein betre middag før premieren.

Brit Bildøen til årets seminar

Brit Bildøen vil delta under årets seminar på Aukrust, tittelen på innlegget hennar vil vere «Å kjempe mot vindmøller. Frå Don Quijote til Jon Utskott.» Elles vil Cato Schiøtz, Eirik Vassenden og Jan Inge Sørbø delta som innleiarar, medan Even Lusæter og Natasja Rybak saman med Josefinekoret står for dei musikalske og poetiske innslaga.

Lokale aktørar

Under Diktardagar i år vil ei rekke dyktige lokale aktørar bidra på ulike måtar. Aslak Brimi og Mari Midtli som held konsert på Sognefjellshytta. Endre Skjåk og Jotunheimen underholdning har premiere på ei heilt ny framsyning i Utgard. Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit stiller også med ei heilt ny framsyning som blir synt på Andre etasje. Hildegunn Hovde saman med Damer i D-dur bidreg under opninga på Norsk Fjellsenter. Dette er berre nokre av alle dei lokale dyktige aktørane du kan sjå og høyre under årets Diktardagar.