Sponsorer
Takk òg til
Årets aktørar
![Olaug Nilssen](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/62077709_845072975857859_5524530546383781888_n-150x150.jpg)
Olaug Nilssen
Olaug Nilssen har ei markert og viktige stemme i norsk litteratur. Ho fekk Brageprisen i 2017 for «Tung tids tale». Ho har skrive bøker i mange sjangrar og kom med boka «Ikkje tenk på det» våren 2019.
![Stein Torleif Bjella](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/05/SteinTorleifBjella_Foto_SigneFuglestegLuksengard-1-150x150.jpg)
Stein Torleif Bjella
Stein Torleif Bjella er frå Ål i Hallingdal. Han er visekunstnar og har gjeve ut fire soloalbum. Under Diktardagar held han intimkonsert på Brimibue fredag kveld.
![Brit Bildøen](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/Bildoen-1-150x150.jpg)
Brit Bildøen
Brit Bildøen er ein av våre fremste samtidsforfattarar. I 2018 kom boka «Tre vegar til havet», som skildrar avmakt i møte med byråkratiet, og kva desperasjon kan gjere med eit menneske.
![Sigmund Løvåsen](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/8683520032_2af88a31c5_b-1-150x150.jpg)
Sigmund Løvåsen
Sigmund Løvåsen har skrive fleire romanar og skodespel. I fjor haust kom han med diktsamlinga Med øksene dei haustar inn.
![Cato Schiøtz](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/Skjermbilde-2019-06-20-kl.-09.28.05-150x150.png)
Cato Schiøtz
Cato Schiøtz er fyrst og fremst ein profilert norsk advokat, men har er er også litteraturelskar, og han har bygd opp ei av landets største private boksamlingar.
![Dag Inge Bakke](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/63776269_2290164437968667_4135690237714104320_n-150x150.jpg)
Dag Inge Bakke
Dag Inge Bakke er ein aktiv friluftsmann, han har hatt arbeidet sitt i og med med fjell i 25 år, såleis har han fått med seg ein del endringar som har skjedd – og som er i ferd med å skje.
![Damer i D-dur](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2020/06/dameriddur-150x150.jpg)
Damer i D-dur
Damer i D-dur er ein sekstett frå Vågå og Lom som har sunge saman i eit tiår. Dei er ei acapellagruppe som leikar seg innanfor fleire sjangrar.
![Erik Vassenden](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/vassend-150x150.jpg)
Erik Vassenden
Erik Vassenden er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen, han har særleg interesse for nynorsk lyrikk.
![Gudmund Moren](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/08/gmoren2-150x150.jpeg)
Gudmund Moren
![Hildegunn Hovde](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/HildegunnHovde2-150x150.jpg)
Hildegunn Hovde
Hildegunn Hovde er utdanna klassisk songar, men er allsidig innanfor ei rekke ulike sjangrar.
![Jan Inge Sørbø](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/Skjermbilde-2019-06-20-kl.-09.38.33-150x150.png)
Jan Inge Sørbø
Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, forfattar og journalist, har er professor i sosialfag ved høgskulen i Volda. Han står mellom anna bak biografien «Ørneflukt og ormegard» frå 2009 om Olav Aukrust.
![Nina Witoszek-Fitzpatrick](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/Skjermbilde-2019-06-20-kl.-09.43.42-150x150.png)
Nina Witoszek-Fitzpatrick
Nina Witoszek-Fitzpatrick, også kalla Walentyna eller Nina Witoszek, er ein polsk/irsk/norsk litteraturvitar, kulturhistorikar og forfattar som vart tildelt Fritt Ord-prisen i 2005.
![Aslak Brimi og Mari Midtli](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/05/bergtatt2-1-150x150.jpg)
Aslak Brimi og Mari Midtli
Aslak Brimi og Mari Midtli er to av våre fremste folkemusikarar. Denne gongen har dei med seg strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet.
![Kirsti Blom](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/06/Kirsti-Blom-2-f-150x150.jpg)
Kirsti Blom
Kirsti Blom har skrive ei rekke bøker for både born og vaksne, både romanar, diktsamlingar, novellesamlingar og faktabøker.
![Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2019/05/mettev-1-150x150.jpg)
Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit
Mette og Vegar Vårdal samarbeider denne gongen med Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit.
![Endre Skjåk](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2017/08/endre-150x150.jpg)
Endre Skjåk
Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han har erfaring frå Kristinspelet på Sel, og Teater Innlandet. Endre står bak den musikalske reisa Vindsus i fjell under festkvelden i Utgard.
![Even Lusæter](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2014/04/Even.jpg)
Even Lusæter
Even er heidøl, fødd i 1979, nå busett i Vågå. Han har studert nordisk og historie på Universitet i Oslo og jobbar i NRK Hedmark og Oppland. Han har sitt eige føretak og spelar fele og framfører dikt.
![Magnhild Bruheim](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2017/01/magnhild-150x150.jpg)
Magnhild Bruheim
Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho bur nå på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Magnhild har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom.
![Guri Sørumgård Botheim](https://diktardagar.no/2019/wp-content/uploads/sites/6/2016/04/Botheim_GuriSoerumgaardfotobenedikteskarvik-150x150.jpg)
Guri Sørumgård Botheim
Guri Sørumgård Botheim (f.1978- ), er opphavleg frå Lesja. Ho er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Botheim har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar, og er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg i Trondheim.