Stein Torleif Bjella kjem til Diktardagar

Årets «pubmusikar» under Diktardagar er ingen ringare enn Stein Torleif Bjella. Fredag kveld vil han halde intimkonsert på Brimibue, konserten har fått tittelen «To fjellovergangar lenger bort» sidan Bjella som kjem frå Ål i Hallingdal bevegar seg over to fjellovergangar for å kome til Lom. Billettane blir lagt ut den 1. juli, og vi har ein…

Les mer

Program sundag 1. september

10.00-15.45 Til fjells – Sognefjellet.  Sognefjellet – ei inspirasjonskjelde for mange diktarar og kunstnarar.  Avreise med buss frå P-plassen ved Lom stavkyrkja. Vi følgjer fara til Holberg, Asbjørnsen, Ibsen, Grieg, Gude og mange andre til Herva. Stopp ved steinbua, der Ibsen låg vêrfast sommaren 1862, og fekk inspirasjon til å skrive Brand. Vi viser stader som er knytt til segn og historier…

Les mer

Program laurdag 31. august

12.00 Forfattarbesøk på biblioteka i Lom, Skjåk og Vågå.  Gratis.  09.00–15.00 Seminar i Hagehuset på Nordgard Aukrust.  Tema: Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap.  09.00 Velkomst med poetisk og musikalsk opptakt. Seminarleiar Ola Aukrust i samarbeid med Even Lusæter.  09.15 Berre stein? Vandring i natur og litteratur. Ved Cato Schiøtz.  10.00 Upp til fjells, so høgt som sky kan nå. Fjellet…

Les mer

Program fredag 30. august

11.00–13.30 Utgard, Lom.  Miniseminar for ungdomsskuleelevar i Lom, Skjåk og Vågå og elevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.  Tema: Klima. Mona Phillips frå Framtiden i våre hender.  Ljosbildekåseri ved Dag Inge Bakke: Korleis klimaet endrar fjell og bre.  18.30–19.30 Norsk Fjellsenter.  Opning av Diktardagar 2019 ved ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø.  Boklansering Dikt om fjell – dikta er samla og redigerte…

Les mer

Program torsdag 29. og fredag 30. august

• 6. klassingane i Lom, Skjåk og Vågå får besøk av forfattar Kirsti Blom. I samarbeid med Nynorsk kultursentrum og prosjektet Heile Noreg les.  • Besøk med opplesing og musikk på Vågåheimen, Skjåkheimen og Helseheimen i Lom.  Torsdag kl 18.00 Budeiball på Billingen Seterpensjonat.  Liv og dikting rundt setring og seterliv.  Synne Stensgård og songgruppa Fjelltite underheld, Magnhild Bruheim les dikt og Hans Hågå fortel om seterlivet. Tablå ved Skjåk…

Les mer

Høge fjell og djupe dalar. Fjellet som ytre og indre landskap

Til fjells!  I dag søkjer vi til fjells som aldri før, unge som gamle. Det same har vismenn, diktarar og kunstnarar gjort i uminnelege tider. Holberg, Wergeland, Ibsen , Grieg, – alle har dei hatt sterke opplevingar og høyrd sterke historier på veg over Sognefjellet. Kva er det med fjellet? Dette vil vi prøve å kaste ljos over på Diktardagar 2019, gjennom…

Les mer