Innlegg av Kari Anne Skjaak
«Til fjells» ute for sal
Diktsamlinga ”Til fjells” er nå i sal hjå Loarutsalet i Lom, Vågå bok og leker i Vågå og Akantus blomster i Skjåk. Det er også mogleg å bestille boka ved å sende e-post til [email protected] eller ved å gå inn på nettbutikken til Lom folkebibliotek https://www.lom.kommune.no/tenester/kultur-idrett-fritid-kyrkja/lom-folkebibliotek/nettbutikk/. Ved bestilling kjem porto i tillegg. Elles er prisen…
Les merBudeiball på Billingen Seterpensjonat
Torsdag kveld tjuvstarta Diktardagar med budeiball på Billingen Seterpensjonat. Her var det stinn seter og høg stemning. Budeiene var sjølvsagt på plass saman med både spelemenn og dansarar. Songgruppa Fjelltite og Synne Stensgård song vakkert, Magnhild Bruheim las dikt frå den nye diktsamlinga «Til fjells», Hans Hågå fortalde frå seterlivet og vertskapet på Billingen Seterpensjonat…
Les merBokbad med Brit Bildøen, Sigmund Løvåsen og Gudmund Moren
Gudmund Moren kjem til bokbadet på Fossberg laurdag 31. august etter at Olaug Nilssen diverre måtte melde forfall. Det er tre kritikarrosa og aktuelle aktørar vi har med på bokbadet i år. Brit Bildøen kom i 2018 med boka «Tre vegar til havet», som skildrar avmakt i møte med byråkratiet, og kva desperasjon kan gjere…
Les merJotunheimen Underholdning presenterer «Vindsus i fjell»
– Har du høyrt suset i fjellet? Ekkoet frå dei som var her før oss. Syngjande songar om svunne tider. Under Festkveld i Utgard laurdag vil Jotunheimen Underholdning presentere ei heilt ny framsyning. Endre Skjåk fortel dette: Gjennom dikt av Olav Aukrust og nyskrivne songar av Lars Bakke ynskjer vi å ta dykk med på…
Les merFjell-Noreg/Bergtatt. Konsert med Aslak Brimi, Mari Midtli og Strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet
Sundag 1. september er det all grunn til å ta turen til Sognefjellshytta for å få med seg ein konsert som er spesiallaga for Diktardagar. Her vil Mari Midtli synge, Aslak Brimi vil spele fele og synge, og vi vil også få oppleve ein strykekvintett frå Sinfonietta Innlandet beståande av Sander Tingstad (1.fele), Bjørn Kåre…
Les merFesttale om fjellengt, synssansen, barne-TV-karakteren Tullerud og om Hjerkinn
Årets festtalar under Festkveld i Utgard er Guri Sørumgård Botheim som opphaveleg er frå Lesja. Festtala vil handle om fjellengt, om synssansen til villreinen og mennesket, litt om å forelske seg i barne-TV-karakteren Tullerud og ganske mykje om Hjerkinn. Guri er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Ho har arbeidd i bokhandel,…
Les merFjellyrisk handbok
Vi er stolte av å kunne lansere diktsamlinga «Til fjells» under Diktardagar. Diktsamlinga er laga med tanke på at det skal vere mogleg å ta ho med seg på fjelltur, såleis har det vorte til ei fjellyrisk handbok. Det er Hanne Gran ved Skjåk folkebibliotek og Rita Mundal ved Lom folkebibliotek som har vore redaktørar,…
Les merFjeldeventyret og det norske sjølvbiletet
Henrik Anker Bjerregaard var sorenskrivarson frå Vågå, det var han som skreiv syngespelet Fjeldeventyret i 1824, Waldemar Thrane sette musikk til. ”Bjerregaards Skaal!” kombinerer musikken frå dette stykket med kåseri om kva det vil seie å vere norsk. Det er Mette Vårdal som har skrive tekstane, og det er også ho som framfører dei. Camilla…
Les merBrit Bildøen til årets seminar
Brit Bildøen vil delta under årets seminar på Aukrust, tittelen på innlegget hennar vil vere «Å kjempe mot vindmøller. Frå Don Quijote til Jon Utskott.» Elles vil Cato Schiøtz, Eirik Vassenden og Jan Inge Sørbø delta som innleiarar, medan Even Lusæter og Natasja Rybak saman med Josefinekoret står for dei musikalske og poetiske innslaga.
Les merLokale aktørar
Under Diktardagar i år vil ei rekke dyktige lokale aktørar bidra på ulike måtar. Aslak Brimi og Mari Midtli som held konsert på Sognefjellshytta. Endre Skjåk og Jotunheimen underholdning har premiere på ei heilt ny framsyning i Utgard. Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit stiller også med ei heilt ny framsyning som…
Les mer