Nyheter 2018
Barn i lokal songarv
Prosjektet Barn i lokal songarv vil også i år vera med i Diktardagar. Fredag 31. august vil det vera «Diktardagarkonsertar» på skulane i Lom, Skjåk og Vågå. I tillegg blir det konsert fore bebuarane på Skjåkheimen, Vågåheimen og Helseheimen i Lom. Som tidlegare år, vil ei lita gruppe opne festkvelden i Utgard med å synge nokre lokale småstubbar.
Les merSigrid Moldestad til Diktardagar
Songaren og felespelaren Sigrid Moldestad gjestar Diktardagar att i 2018. Saman med andre musikarar skal ho ha konsert på festkvelden i Utgard i Lom laurdag 1. september.
Les merProgram for Diktardagar 2018
Hovudtema for Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur: Kvifor er denne litteraturen så viktig? Korleis formidle og nå ut til målgruppene? Diktardagar 2018 skal både formidle litteraturen til barn og unge og dra barn og unge aktivt med som deltakarar i programinnslag. Her samarbeider vi med kulturskolane i kommunane. Sidan det i 2018 er 200-jubileum…
Les merSeminar: Barnelitteratur
Hovudtemaet på Diktardagar 2018 er Barne- og ungdomslitteratur. Det blir også temaet på seminaret laurdag 1. september. I år er seminaret retta særskilt inn mot dei som formidlar litteratur for barn og unge, det vil seia lærarar og bibliotekarar. Seminaret kan vera nyttig og inspirerande også for andre.
Les merDiktardagar med Vinje-kveld
I år er det 200 år sidan forfattaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje vart fødd. Diktardagar 2018 markerer det mellom anna med ein Vinje-kveld, der vi får konsert med Aasmund Nordstoga.
Les merMaria Parr til Diktardagar
Barnebokforfattar og to gonger Brageprisvinnar Maria Parr kjem til Diktardagar 2018.
Les mer