Sponsorer

Takk òg til

Årets aktørar

Kjersti Wold

Kjersti Wold

Kjersti Wold er norsk fag- og skjønnlitterær forfattar, skrivepedagog og foredragshaldar. Ho blir rekna som ein av mentorane innan kreativ skriving.

Kristin Ørjasæter

Kristin Ørjasæter

Kristin Ørjasæter er norsk litteraturvitar. Ho er i dag direktør for Norsk barnebokinstitutt i Oslo.

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud

Arnfinn Kolerud (f 1968) frå Isfjorden i Romsdal debuterte i 1996 med barneboka «Berre ikkje brøyteplogen kjem», ei bok han fekk Kulturdepartementets debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for.

Hildegunn Solberg Nes

Hildegunn Solberg Nes

Hildegunn Solberg Nes frå Ellingsøy har fleire tiårs erfaring som lærar og formidlar av barnedikt for ungar. Ho er redaktør for Barnedikt i utval av Jan-Magnus Bruheim, som kjem ut på Samlaget i 2018.

Maria Parr

Maria Parr

Barnebokforfattar Maria Parr (fødd 1981) frå Fiskå i Vanylven i Møre og Romsdal er ei av våre fremste barnebokforfattarar. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, boka vart nominert til Brageprisen, vann Nynorsk barnelitteraturpris og vart grunnlaget for TV-serie med same tittel.

Cecilie Enger

Cecilie Enger

Cecilie Enger (f. 1963) debuterte i 1994 med romanen Nødvendigheten, og har sidan gjeve ut ei rekkje romanar, mellom anna Mors gaver i 2013, ei bok som vart eit gjennombrot, og som ho fekk Bokhandlarprisen for. I 2017 gav ho ut romanen Pust for meg.

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn

Brynjulf Jung Tjønn (fødd 1980) frå Feios i Sogn og Fjordane, debuterte med romanen Eg kom for å elske i 2002.

Endre Skjåk

Endre Skjåk

Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han har erfaring frå Kristinspelet på Sel, og Teater Innlandet. Endre står bak den musikalske reisa Vindsus i fjell under festkvelden i Utgard.

Ola Grøsland

Ola Grøsland

Ola Grøsland, fødd 1947. Pensjonert lektor med norsk hovudfag. Har arbeidd med mange ulike kulturoppgåver, særleg knytt til språk og folkemusikk.

Sigrid Terese Moldestad

Sigrid Terese Moldestad

Sigrid Terese Moldestad (født 19. juli 1972 på Breim i Gloppen kommune) er en norsk folkemusiker, som spiller fele, hardingfele, og sang. Hun er utdannet ved Ole Bull Akademiet, og spiller sammen med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt som fikk Spellemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammeldans for debutplata Gamaltnymalt.

Sol i skuggeskog

Sol i skuggeskog

Gripende melodier… Jordnært, melodiøst og ekte… Et vakkert album… Dette er kunst… Slik ble debutalbumet «Livet» beskrevet av norsk presse da det kom ut høsten 2013. Med albumet gjorde Sol i skuggeskog seg for alvor bemerket som et nytt og friskt tilskudd til den norske musikkscenen.

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga frå Vinje har mellom anna gjeve ut «Guten», ei plate med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje og tonar og arrangement av Odd Nordstoga og Edvard Grieg.

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad

Ottar Grepstad er fødd i 1953 og er forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum. Han har gjeve ut ei lang rekkje bøker om ulike emne. I 1998 vikarierte han i ei periode som dagleg leiar for Noregs Mållag.

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho bur nå på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Magnhild har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom.