Nyheter 2016
TAGAL – Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo
Laurdag 12. november kl. 19:30 avsluttar Diktardagar 100-års markeringa for Tor Jonsson i Kulturstugu i Utgard med urframføring av bestillingverket Tagal. Publikum får høyre melodiske, vakre og vare stemningar der Susanna Wallumrøds karakteristiske vokal får blande seg med meditative instrumentale parti med tradisjonsmusikalske krumspring. Sigmund Bråtet les dikt av Tor Jonsson. Georg Buljo har kledd…
Les merDiktardagar 2017
Diktardagar 2017 i Lom, Skjåk og Vågå blir arrangert i perioden 31. august til 3. september 2017. Neste år er det 100 år sidan Markens Grøde av Knut Hamsun kom ut. Derfor vil ein del av programmet bli knytt til tema i den romanen. Vi reknar med å ha på plass eit førebels program rett før…
Les merVellykka Diktardagar 2016
Aldri har det vore så stor interesse for Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå som i år. Alle disponible plassar på Diktardagarmiddagen vart fyllt opp, dvs. om lag 100 person var med på den trivelege middagen på Fossheim. Interessa for Bokbadet var så stor at vi måtte sette strek for billettsalet og opprette venteliste for folk…
Les merDiktardagarprisen 2016
Diktardagarprisen 2016 går til Guri Sørumgård Botheim. Guri debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med søstera, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv også humorspalte i Dag og Tid. Guri har fått svært gode omtaler for diktsamlinga «Heime mellom istidene» som kom ut i vår. Her…
Les merRekordstor interesse for seminaret i år
Vi har aldri tidlegare merka så stor interesse for litteraturseminaret vårt som i år. Dei fyrste billettane vart tinga før 1. mai, og det er tidleg når salet eigentleg ikkje startar før 1. august. Til nå har 70 personar tinga billett. Dette skuldast nok fyrst og fremst at Noregs Mållag legg haustseminaret sitt til Lom…
Les merVellykka opningsprogram for Tor Jonsson-året i Lom
Diktardagar gratulerer Tor Jonssonlaget og Lom kommune med eit særs godt program laurdag 21. mai! Konserten i Utgard med Tor Jonssons band var ei stor oppleving med nye tonar til dikt av Tor Jonsson. Både musikk- og vokal presentasjon var av høg klasse. Kombinasjonen av lokale og nasjonale aktørar er bra, og gledeleg var det…
Les merDiktardagar 2016
Sidan det er 100 år sidan lyrikaren og essayisten Tor Jonsson, kom til verda, har han fått ein sentral plass under Diktardagar 2016. Ein annan forfattar og samfunnsdebatant, Aslaug Høydal, var fødd same året, og eit festprogram er lagt til hennar nærmiljø i Lundagrenda. Skodespelet «Berre kjærleik og død» vart første gong framført i 2001,…
Les merAslaug Høydal 100 år i 2016
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Einar Gotehus skriv i samandraget i si hovudoppgåve om Aslaug Høydal: «All diktinga hennar munnar ut i eit forsvar for dei veike og verjelause». Dette er kjernen i livsverket hennar. Alt ber i seg målet at det gode…
Les mer