Sponsorer

Takk òg til

Årets aktørar

Ove Røsbak

Ove Røsbak

Ove Røsbak, (f. 1959-) debuterte i 1978 med «Lævandes dikt» og vart sett på som eit ungt geni i heimstaddiktingstradisjonen. Han har gjeve ut ni diktsamlinger, tre romanar, ei novellesamling, og ei gjendikting av den amerikanske diktaren Carl Sandburg.

Sol i skuggeskog

Sol i skuggeskog

Gripende melodier… Jordnært, melodiøst og ekte… Et vakkert album… Dette er kunst… Slik ble debutalbumet «Livet» beskrevet av norsk presse da det kom ut høsten 2013. Med albumet gjorde Sol i skuggeskog seg for alvor bemerket som et nytt og friskt tilskudd til den norske musikkscenen.

Tor Jonsson orkester

Tor Jonsson orkester

Til Tor Jonssonjubileet 2016 har Hildegunn Hovde og komponert ny musikk til mange Tor Jonsson dikt. Saman med eit knippe, flinke musikarar har dei laga CD-en Einseto.

Even Lusæter

Even Lusæter

Even er heidøl, fødd i 1979, nå busett i Vågå. Han har studert nordisk og historie på Universitet i Oslo og jobbar i NRK Hedmark og Oppland. Han har sitt eige føretak og spelar fele og framfører dikt.

Dag Jørund Lønning

Dag Jørund Lønning

Lønning (1967) er frå Stord i Hordaland. Han er sosialantropolog med spesiell interesse for menneskeleg nyskaping. Han har utvikla kulturøkonomi som fagfelt og utviklingsstrategi i Norge, er opphav til omgrepa kulturelle landskap og innlevingsøkonomi.

Erik Lukashaugen

Erik Lukashaugen

Erik Lukashaugen er visesongaren frå «skogane»,. Han kjem frå Elverum og fekk sitt gjennombrot ved utgjevinga «Av en sliters memoarer» i 2013 med tekster av Hans Børli.

Norsk kvedarforum

Norsk kvedarforum

Norsk kvedarforum ved Kvedargruppe i Lom – Skjåk – Vågå står for prosjektet Barn i lokal songarv. Tiltaket er retta mot alle seksåringane i Ottadalen og inneber eit songmøte i barnehagen før sumarferien og ei læringsøkt i fyrsteklasse under Diktardagar, fredag 2. september.

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho bur nå på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Magnhild har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom.

Aslak Brimi

Aslak Brimi

Aslak er spelmann frå Garmo i Lom, har studert musikk i Oslo, arbeider som musikklærar, og er aktiv medlem av Lom spel- og dansarlag. I tillegg har han produsert fleire CD-ar saman med andre eller solo.

Stein Magne Eggen

Stein Magne Eggen

Stein Magne Eggen er trekkspelar frå Lom, fødd i 1984. Kjem frå familie med musikktradisjon og har spelt trekkspel sidan 6-års alderen. Læremeistrane og spelkjeldene var faren, Hallstein Eggen og Magnar Slettede.

Marit Aakre Tennø

Marit Aakre Tennø

Marit Aakre Tennø (f.1977-) er filmviter. Ho har vore leiar for Noregs Mållag. Tennø har vore dagleg leiar i Kringkastingsringen og prosjektleiar for tilflyttingsprosjektet i Jostedalen i Sogn.

Mariann Villa

Mariann Villa

Mariann Villa har vore tilsett ved Bygdeforskning sidan 1990 og har arbeidd med problemstillingar rundt flytting til bygda, og korleis bygda er framstilt og opplevd i ulike livsfasar generelt, og blant ungdom spesielt.

Kjartan Fløgstad

Kjartan Fløgstad

Fabulerande realist blir han karakterisert som på heimesida til Gyldedal. Han debuterte med diktsamlinga Valfart i 1968. Kjartan Fløgstad studerte litteratur- og språkvitskap ved Universitetet i Bergen.

John Pål Inderberg

John Pål Inderberg

John Pål Inderberge er professor ved jazzlina på NTNU og er truleg Noregs leiande baryton- og sopransaxofonist. Hans mange musikalske uttrykk finn vi på mange plateinnspelingar. Henning Sommerro og han har ofte vore medmusikantar.

Jens Kihl

Jens Kihl

Jens Kihl (f. 1986-) og vaks opp i Ullevål Hageby. Etter tre månaders sivilteneste i Norsk Målungdom skifta han skriftspråk frå bokmål til nynorsk. Kihl har vore nestleiar og leiar i Norsk Målungdom. Han har også bakgrunn frå Ungdom Mot EU, og er nå leiar av Studenter Mot EU og sit i arbeidsutvalget i Nei Til EU.

Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgård Botheim (f.1978- ), er opphavleg frå Lesja. Ho er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU. Botheim har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar, og er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg i Trondheim.

Sigbjørn Johnsen

Sigbjørn Johnsen

Sigbjørn Johnsen (f. 1950 -) var stortingsrepresentant for Hedmark i mange perioder og var finansminister både i Gro Harlem Brundtlands tredje regjering og i Jens Stoltenbergs andre regjering. Han er nå fylkesmann i Hedmark. Johnsen har bakgrunn frå ein arbeidarfamilie i Hedmark, og var aktiv skiløper i yngre år.

Henning Sommerro

Henning Sommerro

Henning Sommerro har sidan han slo igjennom med Vårsøg i 1977, vore ein av dei fremste i norsk musikkliv. Han er f.t. professor ved Institutt for musikk ved NTNU. Han har ei formidabel liste med plateproduksjonar, m.a har han fått Spelemannsprisen tre gonger.

Erlend Viken

Erlend Viken

Erlend Viken, fele, har bakgrunn frå Vinstra Vidaregåande og Norges Musikkhøgskole. Han har gjeve ut fleire album med sin eigen trio, har vunne prisar for plater med Aslak Brimi og er medlem av bandet Earlybird Stringband.