Rekordstor interesse for seminaret i år

Vi har aldri tidlegare merka så stor interesse for litteraturseminaret vårt som i år. Dei fyrste billettane vart tinga før 1. mai, og det er tidleg når salet eigentleg ikkje startar før 1. august. Til nå har 70 personar tinga billett. Dette skuldast nok fyrst og fremst at Noregs Mållag legg haustseminaret sitt til Lom rett i etterkant av Diktardagar 2016, og dei kjem så tidleg at dei får med seg våre arrangement også.

Seminaret går føre seg i Kulturstugu i Utgard, så det er godt om plassar framleis. Men styret i Diktardagar tilrår at dei som er interesserte i å sikre seg plass, reserverer eller kjøper billett på heimesida vår.

Det er ei glede å konstatere at Diktardagar har klart å skape så stor interesse langt utover vår region.