Fjellet som ytre og indre landskap

Høge fjell og djupe dalar

29. august til 1. september 2019

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) er frå Førde og er busett i Bergen. Ho debuterte i 1998 med romanen «Innestengt i udyr», og fekk sitt store gjennombrot med «Få meg på, for faen» i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. «Tung tids tale» frå 2017 er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn, ei bok ho fekk Brageprisen for. Våren 2019 er Nilsen aktuell med boka «Ikkje tenk på det», ei bok som harselerer med litteraturbransjen.