Norsk kvedarforum ved Kvedargruppe i Lom – Skjåk – Vågå står for prosjektet Barn i lokal songarv. Tiltaket er retta mot alle seksåringane i Ottadalen og inneber eit songmøte i barnehagen før sumarferien og ei læringsøkt i fyrsteklasse under Diktardagar. Målet er at alle barna skal få lære nokre barnesongar frå bygda si som levande tradisjon.

Kvedargruppa i Lom – Skjåk – Vågå: Jarnfrid Kjøk, Reidar Svare, Aud Hove, Ragnhild Bjørge, Ola Grøsland og Camilla Granlien.
Prosjektet er støtta av: Norsk Kulturråd, Rådet for folkemusikk og folkedans, G-kultur, Lom kommune og Skjåk kommune.